4. kl
Symjing veke 16 - 19
På torsdag 20.4 er me igang med symjing att:) Hugs oppmøte på kaia kl. 8.00!
Påskelunsj:)
På fredag vert det påskelunsj for alle på oppvekstsenteret. Denne dagen treng ikkje elevane ha med seg niste:)
God påskeferie!
Uteleik = sunne ungar på heile oppvekstsenteret:)
Den første vårmånaden er godt i gong, og vèret viser seg frå mange sider desse dagane. Då er det godt at ungane på heile oppvekstsenteret har gode utekle som toler leik og uteaktivitetar. Dette gir glade og sunne ungar. :) Det er mykje god læring i leik!! :)
Endeleg snø :)
Første veka etter vinterferien er vel overstått, og det verkar som at alle elevane (og lærararne) er komen godt inn att i rutinene ved skulen. Me har, som seg hør og bør, kosa oss med snøen som me fekk i førre veke. Elevane har både laga snømann i ei samarbeidsoppgåve, dei har måla/farga ute i snøen, og dei har vore i akebakken vår. Mykje flott uteaktivitet med andre ord.
Fredag hadde me fagdag i matematikk. Då la me vekt på måling i ulike former, og at matematikk finn me i alt me driv på med til vanleg. Dette lærte me i ulike aktivitetar som var tilpassa alder og klassesteg. Vi var aktive i både gymsalen, på data og med spel, og på kjøkkenet. Det verka som at alle hadde hatt ein flott og innhaldsrik dag, med mykje meistringsaktivitetar.
Ps: det vart ikkje mange sjokolademuffinsar att når dagen var slutt..... :)
Vinterferie
Tida frå juleferie til vinterferie har gått rasande fort. Me lurer litt på kvar alle dagane har vortne av? :) Men det er nok noko i det ein seier; tida flyg i godt selskap!! :) Elevane har i denne tida jobba veldig godt, og alle har, på kvar sin måte, vore med på å bidrege til gode skuledagar. Vinterferien er vel fortent!
Som de ser på bileta, er det nokså tuske her på skulen uten elevane våre. Me gler oss allereie til at alle kjem att i veke 9.
Solfest 2017
Sola kom trufast att til oss no i februar. Ho var sårt sakna og særleg velkomen. Som seg hør og bør, ville vi feire at solstrålane atter ein gong skin på vakre Solvorn og alle dei kjekke folka som er her. Me (7.klasse) baka freistande solbollar, vi fyrde i bålpanna og vi fekk både pølser og appelsiner. Tordis kom også på besøk til oss, og ho hadde med ei søt og god overrasking som dei fleste sette pris på :) Men til tross for glade ungar og vaksne, viste vinteren oss at han ikkje er over riktig endå. Han blåste eit ukjent antall kuldegrader over oss, og vi avslutta difor solfesten innomhus i år. Men triveleg var det iallefall uansett, og vi gler oss over at vi går mot lysare og varmare tider. :)
Kulturkveld - ein hyllest til Erik Bye
Då nærmar det seg kulturkveld, måndag kl. 18, er elevane i 1. - 4.trinn velkomne til å synge i kor med 1. - 4. trinn på Hafslo. Dette vert kjekt.
Gratis inngang! Sal av kaffe/te, kaker og rundstykker. Loddsal. Elevane som er med får saft og kake:)
Kulturkveld 24.oktober på Hafslo
Då nærmar det seg kulturkveld - med ein hyllest til Erik Bye som hadde vore 90 år i år. Hafslo Songlag arrangerer og 2. - 4.trinn skal synge 2 songar. Arrangementet starter kl. 18 (pause ca. 19 - kor elevane får saft og kake/runstykke. Det vert seld kaffe/te, saft, kaker og rundstykker - det vert òg loddsal.
Gratis inngang! Velkommen:)