A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. kl

solformørking_500x337

Solformørking

På fredag var det solformørking, og det markerte elevar og vaksne med Luster oppvekstsenter. Studentane våre hadde laga eit kreativt undervisningsopplegg der elevane fekk læra om kva som eigentleg skjedde. Me var ute på fotballbana og delte elevane i grupper som skulle visa sola, jorda og månen sin posisjon i forhold til kvarandre under solformørkinga. Sidan det var eit tungt skydekke over Luster fekk me ikkje studera sola noko nærare, men ungane la merke til at det vart mørkare og kaldare, ja so mørkt at fuglane stoppa å kvitra for ei lita stund. Artig og lærerik oppleving!

2015-03-22
2015-03-17 10

Utedag nede ved fjorden.

Kva flyt og kva søkk?

Alle fekk teste kva som flyt og kva som søkk. Me fekk sjøsett papirbåtane våre, og mange måtte brette seg nye båtar. Alle fekk og prøve om dei kunne få modellkitt til å flyte. På oppsummeringen av timen kom det opp eit interessant spørsmål: jern og metall søkk- korleis kan det då ha seg at dei store cruiceskipa flyt?

2015-03-17
2015-03-12 10

Matematikk

Torsdag hadde me halve dagen med matematikk. 1.-4.kl var delte i 5 grupper og var innom 5 ulike stasjonar!

2015-03-13
2015-03-10 12

Vatn

Talekor

Kjekk overrasking i dag då 3. og 4. klasse kom og hadde talekor om vatn til oss. Det passa ekstra godt sidan me har oppstart tema vatn i morgon. Takk til 3. og 4. klasse:)

2015-03-10
2015-03-09 13

Avslutning av tema

Tema luft vart avslutta i klassen idag. Det var oppsummering av tema, test deg sjølv og evaluering. Til sist i tema laga alle seg vindmøller.

2015-03-10
2015-03-02 10

Lesestund og luft.

Glimt frå veke 10

Her er ivrige lesarar.

Det andre bildet er frå arbeid ute med luft; kva når bakken fyrst av ei fjør, ull, ei kule og eit papir?

2015-03-04
2015-02-26 11

Skidag for heile skulen

Heggmyrane

Det var ein flott dag med full aktivitet heile dagen. Heldige var me og at Yr tok feil; me fekk berre litt lett nedbør på slutten av dagen. Som de kan sjå på bilda skreidde mange i lag- og kom ned mange gonger utan å ramle! Takk til alle for ein fin dag:)

2015-02-26
2015-02-23 13

Forsøk

Luft

Måndag prøvde elevane å flytte kuler på ulike måtar; dei kunne ma prøve sugerøyr og ballongar.

2015-02-26
Vaffelhjarter inne[2]

Vaffelhjarte inne og ute

Denne veka har me førebudd oss til teateret frå fredag, me gler oss til i morgon!

2015-02-12
Powered by CustomPublish AS