A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

Skuleungane syng vintrasongar (Arvid med gitaren)

Bilete!

Farvel til lyset

Her finn de bilete frå årets Farvel-til-lyset-markering (skulen og barnehagen i lag):
2012-12-17

Minner om

PLANLEGGINGSDAG I BARNEHAGEN MÅNDAG 8. OKTOBER

Barnehage og sfo stengt.
2012-09-25

Sfo

Sfo i haustferien 8.-12.oktober?

Treng du sfo plass for barnet ditt i haustferien? I sofall må du gje melding om det til Mette tlf 91715162. Tilbodet kostar kr 185 pr dag pr barn, og vert gitt i barnehagen. Måndag 8.oktober har barnehagen planleggingsdag, sfo er difor stengt denne dagen. For å kunne nytte dette tilbodet må barnet ha fast sfo plass.
2012-09-24

Me har laga oss SFO-reglar

Første onsdagen i skuleåret hadde me sfo-møte der ungane bestemte korleis dei vil ha det på sfo. Me vart einige om desse reglane:

- Henge opp kle, sekk og sette sko fint på plass når me kjem på SFO

- Vaske hender før me et

- Rydde kniv, fat og kopp

- Følgje reglar i gymsal

- Vere snille med kvarandre

- Vere høflege mot kvarandre og mot vaksne

- Leike i lag

- Ha innestemme når me er inne

 

Obs - melding til foreldre på sfo: Det er viktig at de seier frå når de hentar ein eller fleire ungar, så den vaksne på sfo veit kven ho har ansvar for til ein kvar tid! Stikk gjerne hovudet inn og høyr om det "er noko", så får de kanskje høyre om noko moro som har skjedd, eller kan vere førebudde viss det er litt ampert e.l.

2012-08-28

Jostedal skulefritidsordning (sfo)

Frå 1.august 2012 er Jostedal barnehage, Jostedal skule og sfo samla i Jostedal Oppvekstsenter. Me held til i dei same lokala som tidlegare, men har felles leiing og samarbeider tett.

Obs - melding til foreldre på sfo: Det er viktig at de seier frå når de hentar ein eller fleire ungar, så den vaksne på sfo veit kven ho har ansvar for til ein kvar tid! Stikk gjerne hovudet inn og høyr om det "er noko", så får de kanskje høyre om noko moro som har skjedd, eller kan vere førebudde viss det er litt ampert e.l.

2012-06-28
Powered by CustomPublish AS