A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Me har laga oss SFO-reglar

Første onsdagen i skuleåret hadde me sfo-møte der ungane bestemte korleis dei vil ha det på sfo. Me vart einige om desse reglane:

- Henge opp kle, sekk og sette sko fint på plass når me kjem på SFO

- Vaske hender før me et

- Rydde kniv, fat og kopp

- Følgje reglar i gymsal

- Vere snille med kvarandre

- Vere høflege mot kvarandre og mot vaksne

- Leike i lag

- Ha innestemme når me er inne

 

Obs - melding til foreldre på sfo: Det er viktig at de seier frå når de hentar ein eller fleire ungar, så den vaksne på sfo veit kven ho har ansvar for til ein kvar tid! Stikk gjerne hovudet inn og høyr om det "er noko", så får de kanskje høyre om noko moro som har skjedd, eller kan vere førebudde viss det er litt ampert e.l.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS