3. kl
QUIZLET
No har eg lagt inn glosar for veke 38. Dette er litt seint, men frå neste veke ligg det ute frå måndag morgon :)
Håpar dette gjer øvinga lettare for ungane.
Bursdag blome
Kunst og håndverk
Her har 3. og 4. klasse laga kvar sin blome med namnet sitt og bursdagsdatoen sin på. Dei heng i klasserommet om de ynksjer å sjå på dei.
Fjelltur til Brennesteinane!
I går (torsdag) var heile skulen + Skuleklubben i barnehagen på flott fjelltur til Brennesteinane. Me gjekk heile vegen frå skulen og opp i skinande sol frå skyfri himmel! Flott turver, og god stemning blandt både ungar og vaksne gjorde turen veldig kjekk! :-)
Solformørking
På fredag var det solformørking, og det markerte elevar og vaksne med Luster oppvekstsenter. Studentane våre hadde laga eit kreativt undervisningsopplegg der elevane fekk læra om kva som eigentleg skjedde. Me var ute på fotballbana og delte elevane i grupper som skulle visa sola, jorda og månen sin posisjon i forhold til kvarandre under solformørkinga. Sidan det var eit tungt skydekke over Luster fekk me ikkje studera sola noko nærare, men ungane la merke til at det vart mørkare og kaldare, ja so mørkt at fuglane stoppa å kvitra for ei lita stund. Artig og lærerik oppleving!
Bli med på Sommarles 2013!
Luster bibliotek inviterer alle 1.-7. klassingane i kommunen til å delta i konkurransen om å bli sommarens leseløve. I tillegg til flotte kommunale premiar, vil Luster oppvekstsenter kåra sin eigen lesemester!
Edvard Munch
Kunstveke
Etter å ha vortne kjende med Munch sitt liv og måleri, fått lære om kunstepoke, hatt dramøvingar--då var me endeleg klare for å måle. Elevane tok utgangspunkt i bilete av seg sjølv på brua mot omsorgssenter/Lerumsbui. Me gler oss til dei ferdige bileta og utstilling:)