1. kl
Nytt frå administrasjonen
2021-10-08Adventsamling fredag 27.november
1.-2.klasse vil ha første adventsamling i år fredag 27.november kl.08.30 i gym.salen. Velkomen!
![Pizzasal Pizzasal](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3209511.1686.eyteeexapc/195x0/0_3209511.jpg)
Pizzasal
7.klasse sparar pengar til skuletur våren 2016. Dei vil derfor ha sal av PIZZA/pizzabolle fredag 20.november, samt desse datoane framover: 11.desember, 8.januar, 29.januar, 12.februar (ev.26.februar i staden), 4.mars, 18.mars, 1.april, 22.april.
Pris: kr.15,-
Viktig: Ikkje la elevane ha med meir pengar enn dei treng. Viss ein elev IKKJE har med pengar, men har lyst til å kjøpe, kan eleven IKKJE låne vekk pengar til eller låne pengar frå andre.
![Vennskapsband 2015_450x338](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3195857.1686.pwuudcucrv/195x0/0_3195857.jpg)
Forut og Olweus
Vennskapsband
Dei eldste i barnehagen og 1.-4.klasse har knytt vennskapsband! Me har vore mykje i lag i veke 43 -44, og sist veke laga me og armband som me så gav til kvarandre. Her er heile venneflokken:)
Morgonsamling, fredag 30.oktober
På fredag vert det morgonsamling igjen. Denne gongen er det mellomsteget som skal stå for programmet, og me ynskjer alle velkomne til å starta dagen saman me oss!
Fredag, kl.0830 i gymsalen.
![Forut 1_450x344](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3188564.1686.wufswscreq/195x0/0_3188564.jpg)
Barnehagen og 1.-4. klasse sprang inn kr 455 til Forut!
Forutfestival
I regnveret torsdag var det full innsats på Forutfestivalen. Alle var innom 4 stasjonar: pengeløp, mandarinløp, kaste på blink, bowling og ballstafettar. På pengeløpet var fekk dei 1 kr for kvar runde; her vart det mange rundar! Festivalen er ein del av Forutarbeidet i veke 43 og 44. Tidlegare i veka var me alle saman på skulen og fargela mandalaer som skal pynte opp på kafeen på torsdag.
God helg!
![God helg_450x338](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3181460.1686.upfrcdwfws/195x0/0_3181460.jpg)
Morgonsamlinga til 1. og 2. klasse
16.10.2015
Ein flink gjeng på morgonsamlinga i dag:) Dei var litt nervøse før samlinga, men etterpå tykte dei det hadde vore kjekt! Her er heile gjengen i klatrestativet.
God helg!
![kalender](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3178298.1686.yyyuyqbuaf/195x0/0_3178298.jpg)
Velkomen
Morgonsamling fredag 16.oktober
1. og 2. klasse har morgonsamling fredag kl 8.30
![haustferie_500x408](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3165121.1686.vrcwavvdyu/195x0/0_3165121.jpg)
GOD HAUSTFERIE!
Dei fyrste 7 vekene av skuleåret har gått undå i ein rasande fart, og no har elevane fortent ei veke ferie. Ynskjer alle ein god haustferie!
![Hestaskår_450x513](https://img6.custompublish.com/getfile.php/3149937.1686.ycacyexycc/195x0/0_3149937.jpg)
Flott innsats av Luster Oppvekstsenter
Opning av Hestaskår 11.09.2015
Riksantikvaren, leiaren i Kulturminnefondet, historikar Arne Solli frå UIB og mange frammøtte var med då stovehuset i Hestaskår vart høgtidleg opna.
Alle frå oppvekstsenteret heldt på med ulike aktivitetar; både arbeid og leik då fylgjet kom gåande frå kyrkja. Riksantikvaren fekk ma prøvd seg i 5-stein!
4. og 5. klasse synte fram opninga frå ''En glad gutt'' og alle i oppvekstsentert framførde sangar. God innsats av alle!
God helg!