Klassar
Fagdag i engelsk
Fredag 24. november hadde vi engelsk fagdag på skulen. Alle elevane (og nokre lærarar) møtte i "uniform", slik dei gjer i engelske skular. Elevane fekk både sjå film, ete engelsk lunch, skrive brev til engelskspråklege land og snakke mykje engelsk denne dagen.
Snøen kom og snøen reiste
Elevane var ikkje seine med å komme seg i akebakken då snøen kom til Solvorn. Men - slik vintrane er vortne no, må ein hive seg rundt litt fort, dersom ein skal rekke å nyte snøen... Snøen kom fort....og reiste like fort. :)
Strandsitjardagane 2017
Då var Strandsitjardagane 2017 vel overstått for denne gong. Dette har vore ei særs god og vellukka gjennomføring, og elevane har hausta mange og gode erfaringar. Vi har jobba tverrfagleg med stradsitjarmiljøet som hovudtema i nokre veker no, og det var kjekt for elevane (og lærarane) å få vise fram alt det flotte me har laga. Det var mange som var innom veggen vår og studerte alt frå gamle yrker til gamle reiskapar. Me vil også rette ein spesiell takk til alle som lånte ut gamle verktøy og reiskapar. Det er ekstra lærerikt for elevane å sjå desse i verklegheita, og ikkje berre på bilete! Håpar alle føresette også hadde ein flott dag, der de fekk sjå litt av det me driv på med, her på oppvekstsenteret. Me gler oss allereie til neste gong det er strandsitjardagar her i Solvorn.
Skuleutflukt til Heibergske samlingar på Kaupanger
Onsdag 31 mai, reiste maxiane og 1.- 7.klasse i lag til museet på Kaupanger. Der fekk vi omvisning av dyktige og kunnskapsrike ansatte ved museet, der temaet var "Eventyr". Vi fekk sjå (og klappe) både hest, sau og ku. Vi fekk også oppleve eventyrforteljing og hoppe i høyet. Dette var kjekt, og me ynskjer å komme att på besøk ein anna gong også. :)
Aktivitetsplan våren 2017
Det er mykje som skjer på skulen vår framover. Her er ei liste over viktige dagar og hendingar fram mot sommarferien. :)