7. kl
Saman med Indre Hafslo Oppvekstsenter
Turdag til Berge torsdag 9.juni
Torsdag 9.juni skal me gå tur opp gamlevegen til Berge. Det vert ein matpause på Berge der me et nista vår før me går ned igjen.
Avreise er ca. kl.09.30 frå skuleplassen (elevane møter på skulen til vanleg tid).
Me reknar med å vera tilbake på skulen om lag kl. 13.00. Då vert det grilling på skuleplassen (eller Ekservollen om veret er bra). Grillmaten vil skulen spandera.
Etter turen vil det vera muleg for ungane i 3.-7.klasse å bada i fjorden ved Ekservollen. Ta i tilfelle med ein liten handduk og byteklede/badekle. Bhg + 1.-2.klasse kan få vassa i strandkanten.
Hopp for hjartet
26.april går startskotet for årets hoppetauaksjon. De kan lese meir om aksjonen her:
Olweusundersøking
I dag skal me gjennomføra Olweus-undersøkinga, og her er lenkja som de skal gå inn på:
https://resp.nsd.uib.no/olw/olw.aspx?AspxAutoDetectCookieSupport=1
Foreldremøte Luster oppvekstsenter tysdag 12.april
FAU og oppvekstsenteret inviterar til foreldremøte for Indre Hafslo og Luster på Luster oppvekstsenter tysdag 12.april kl.18.00. Jostein Bildøy frå Barnevakten kjem for å snakke om temaet "Korleis kan eg engasjere meg i barn og unge sin mediekvardag?". Bildøy vil vere på skulane om dagen og førelese for elevane våre (samt skuleklubben). Det blir derfor utvida skuledag til kl.14.40. Skulebussen reiser kl.14.45.
Barnevakten_invitasjon_Luster_Indrehafslo_oppvekstsenter.pdf
Skøytedag
Me vil gjerne nytte den fine skøyteisen som har lagt seg på Hafslo, og planlegg ein skøytedag for elevane i veke 3.
Alle treng:
- Skøyter
- Hjelm (ski- eller sykkelhjelm)
- Varme kle
- Nok mat og drikke
- Sitjeunderlag
Nærare informasjon kjem! Sjå også e-post fredag 15.januar.
Nytt frå administrasjonen
2021-10-08Pizzasal
7.klasse sparar pengar til skuletur våren 2016. Dei vil derfor ha sal av PIZZA/pizzabolle fredag 20.november, samt desse datoane framover: 11.desember, 8.januar, 29.januar, 12.februar (ev.26.februar i staden), 4.mars, 18.mars, 1.april, 22.april.
Pris: kr.15,-
Viktig: Ikkje la elevane ha med meir pengar enn dei treng. Viss ein elev IKKJE har med pengar, men har lyst til å kjøpe, kan eleven IKKJE låne vekk pengar til eller låne pengar frå andre.
Helsesøster torsdag 5.november
Helsesøster Jorunn kjem torsdag 5.november. Då blir det vaksinering av 2. og 6.klasse (i følgje vaksinasjonsprogrammet), samt ev.jenter i 7.klasse. I tillegg er det høve til å undersøkje syn og hørsel. Ta kontakt med kontaktlærar viss de ønskjer at dykkar barn skal bli undersøkt!
Fag-fysak
Som vanleg avslutta me veka med fag-fysak. I desse timane jobbar elevane med ulike fag gjennom fysisk aktivitet. I dag øvde dei på 6, 7, 8 og 9-gangen ute på skuleplassen. Innsatsen var god, so no har dei fortent å ta helg. God helg!