SFO
Påskeaktivitet 2015. No ligg det fleire bilder av ulike aktivitetar på høgre side, undre bilder :)
2015-04-09Kva gjer me på i SFO-tida
Det no lagt inn ei oversikt over kva me driv med på SFO. Denne finn de på "Plan for SFO".
Eit nytt SFO-år er godt i gang!
Kvar morgon kl 07 er det kjekke damer som tek i mot borna der, slik at dei får ete frukost, leike, teikne og vera ute litt før skulen startar. På ettermiddagane etter skuletid, og leksehjelp, er det ein fin plass å vera, då me et eit måltid i saman, me leikar, teiknar, har aktivitetar, lagar mat, les bøker eller berre slappar av etter skuledagen. I år er det Marianne, May Iren, Stine og Marit som er tilsette på SFO. Kvar månad legg me ut ein månadsplan slik at de kan følgje med på kva me driv med.
Litt om kva vi har gjort på SFO i veke 9 og 10
I vekene etter vinterferien har vi hatt mykje moro på SFO. Vi har leika mykje med Lego, og Monopol-spelet blir nytta ofte. Det er kjekt å spela og leika i lag! Barna får ikkje nytta datamaskinene på SFO no, for vi meiner det er kjekkare for alle å leika i lag. Nokre dagar har vi gått tur, og det vil vi halda fram med i vekene som kjem. Det er godt å røra litt på seg etter skuledagen, og vi får tid til å snakka mykje om mange ting ute på rusletur rundt i bygda. Sjakk har vi og spela, og det er mange flinke spelarar på skulen. I tillegg teiknar vi og perlar når vi har lyst til det.
Litt om kva vi har gjort på sfo i veke 4
Mandag og tirsdag var det leksehjelp. Vi har kost oss med både tomat suppe,knekkebrød og frukt denne veka. Det har blitt en del perling med fine resultat,medan noken har spelt kort,sjakk og andre brettspel. Vi har leika spark på boks ute og sparka ball i ballbingen,friskt og godt ute.