A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

OBS: Hugs at skuleruta ikkje kan ta med ski og stavar!

Skidag Heggmyrane tysdag

Tysdag 5.mars er det skidag for heile skulen på Heggmyrane.

For dei som følgjer skulebussen om morgonen, må ski og stavar leverast på skulen av foreldre, skulebussen har ikkje løyve til å frakte skiutstyr!

2013-03-03
Masse snø i barnehagen

Ungane kan gjerne nytte utetida til å gå på ski!

Ski i skule og barnehage

No har me endeleg masse god snø, og foreldre må gjerne syte for at ungane har ski og skisko i barnehagen og på skulen, slik at dei som likar å gå på ski kan gjere det i utetida utan ekstra organisering.

2013-02-07
Bøkene_1024x613

No ryddar me i boksamlinga!

Betre bibliotek

For å gjere det lettare å finne bøker ein har lyst til å lese, gjer me denne våren ein innsats for å rydde opp i boksamlinga til skulen.
2013-02-05
minipizza02

5.-7. lagar minipizza og spaghetti carbonara

Vurdering for læring i mat og helse:

Europeiske klassikarar stod på menyen til 5.-7. trinn i mat og helse desse vekene: Minipizza og spaghetti carbonara.

2013-01-30
Løkter laga med vatn og ballong

Islykter

6. og 7. trinn lagar islykter.

2013-01-28
artikkel

Fargerik sjanger med seks ord!

Skriving og sjangerlære: Artikkel

6.-7.trinn har jobba med sjølvvalt tema til muntleg presentasjon for klassa. Som førebuing til presentasjonen, skreiv dei òg ein artikkel om emnet sitt.
2013-01-24

21.jan-10.mars

Arvid i praksis, Marita vikar frå 31.januar

Arvid tek praktisk-pedagogisk utdanning på deltid dette og neste skuleår, og det inneber ein praksisperiode kvart av skuleåra.

2013-01-23
Barnehagen og skulen i desemberlys, ungar som spelar fotball

Me ynskjer alle ei fredeleg julefeiring, og eit godt nyttår!

Takk for i år

No går det mot jule- og nyttårsfeiring, og me vil takke for ei koseleg førjulstid i barnehagen og på skulen.

Velkomne tilbake i det nye året!

(Gjeld sjølvsagt ikkje dei ungane som skal i barnehagen i romjula, dei er velkomne då òg!)

2016-03-02
Gitarspelarane

Søndag 16.desember var det

Juletrefest med Kardemommeby-spel!

NO finn de biletserie frå Kardemommeby-spelet her! Bileta er kornete og uskarpe, me blir veldig glade viss de som har skikkelege bilete vil sende dei til oss - t.d. til JSA-sak neste år: mette.f.reinertsen@luster.kommune.no.

2012-12-18
Skuleungane syng vintrasongar (Arvid med gitaren)

Bilete!

Farvel til lyset

Her finn de bilete frå årets Farvel-til-lyset-markering (skulen og barnehagen i lag):
2012-12-17
Powered by CustomPublish AS