A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

5.-7. lagar minipizza og spaghetti carbonara

Vurdering for læring i mat og helse:

Europeiske klassikarar stod på menyen til 5.-7. trinn i mat og helse desse vekene: Minipizza og spaghetti carbonara.

Rektor fekk vere gjest, og tykte elevane lagde både god mat og god stemning ved bordet.

BILETSERIE frå måltidet.

På tavla ser ein læringsmålet, og kriterium for å nå målet.

Her er oppskrifta gruppene som lagde carbonara brukte veka etter (onsdag 6.feb):

SPAGHETTI CARBONARA
-         Ein klassisk italiensk pastarett. 
 
INGREDIENSAR:
500 g spaghetti (eller tagliatelle, linguine e.l.)
150 g bacon (i terningar)
2 egg
1 lauk (finhakka)
1 fedd kvitlauk (finhakka)
1 dl fløyte
1 neve parmesan (reven)
Salt til pastavatnet
Smør eller olje til steiking
 
FRAMGANGSMÅTE:
1.      Sett over rikeleg med pastavatn i ein stor kjele på høgaste varme. Ha i 1 ss salt.
2.      Finhakk lauk og kvitlauk og steik det på låg-middels varme (det skal ikkje bli brunt, då er plata for varm) til det er blankt og mjukt (det tek normalt 10-30 minutt), lat det gjerne stå heilt til det skal i pastaen.
3.      Når lauk og kvitlauk er sett til å surre, kutt opp og steik baconet på middels varme til det får litt farge.
4.      Når pastavatnet kokar: Ha i all pastaen og legg på loket. Lat plata stå på høgaste temperatur til vatnet kokar att (= eit par minutt).
5.      Røyr litt rundt i pastaen (så ikkje dei klistrar seg til kvarandre), og lat plata stå på middels temperatur slik at det framleis kokar når loket er på, men ikkje så mykje at det kokar over.
6.      Lat pastaen koke så lenge som det står på pakka. Når tida har gått, fisk opp ein spaghetti og sjekk om han er passe, dette kallar italienarane «al dente» (al dente = «for tennene», altså litt bit i han).
7.      Når pastaen er «al dente»: Hell av vatnet, bland i litt smør i pastaen
8.      Medan pastaen kokar, røyr saman egga, og bland dette med fløyte og parmesan i ein bolle.
9.      Bland dette saman med bacon, lauk og kvitlauk inn i den kokte spaghettien. Kart over Italia, der spaghetti carbonara kjem frå
 
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS