A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Hugs at 5.-7.trinn har

VALKAFE i matsalen kl 12-16.30

Jostedal Oppvekstsenter har DEMOKRATI som hovudomgrep i år. Godt val!

2013-09-08

Elevane i 6.-7. deltek med bilete frå breturen i mai

Opning av fotoutstilling på Turtagrø

Fredag 6.september reiser 6. og 7.trinn til Turtagrø med Arvid (og i lag med 6.-7.trinn frå Gaupne skule) for å opne ny fotoutstilling med bilete dei har teke i samband med fotoprosjektet (med Frank og Bjørnar). Bussen går frå skulen kl 9, og er tilbake til vanleg skulerute kl 14. Hugs drikke og god niste. Det er lov å ha med liten tursjokolade.

2013-08-30

Oppstart av skule- og barnehageåret, utviklingsarbeid og forventningsavklaring

Foreldremøte torsdag 5.september kl 19-20

Kva lurer du på? Kva forventar du? Lurer du på kva skulen eller barnehagen forventar av deg? Oddbjørg og Mette ynskjer alle spørsmål velkomne!

Etter foreldremøte vert det konstituering av foreldrearbeidsutvalet (fau), samarbeidsutvalet (su) og skulemiljøutvalet (smu). Foreldreutvala for barnehagen og skulen skal ha to medlem kvar i samarbeidsutvalet.

2013-08-29
roundtable

REFERAT

1. elevrådsmøte 2013/2014

Tid: Onsdag 28.august kl 10

Stad: Lærarane sitt arbeidsrom

Elevrådet 2013/2014:

  1. trinn: Håkon Viem Elvekrok
  2. trinn: Øyvind Hoel
  3. trinn: Jonas Snøtun
  4. trinn: Aslak Skamsar Aasen
  5. trinn: Tora Bjørhusdal
  6. trinn: Mathilde Nielsen Sagabråten
  7. trinn: Renate Halveg
2013-08-27
DSC_2901

Bilete frå fellesturen 26.august!

Skuletur Åsastøl-Åsen

MÅNDAG hadde heile skulen fellestur frå Åsastølen og opp i Åsen. Me fortsette naturmålar-prosjektet vårt frå før sommaren, Arvid hadde opplegg der alle fekk lære å teikne landskap i naturen. Dei som ville i 5.-7.trinn fekk springe på Skorahammaren med Jostein før maten, det var populært. Me hadde fantastisk vêr, og ein koseleg og lærerik dag ute. Trykk "Les meir" for biletserie frå den flotte dagen.

2013-08-23
schedule

6.-7. klasse

Timeplan og lærarar 2013-2014

Her vil de finne timeplanane for 6. og 7. trinn dette skuleåret, samt oversikt over kva lærarar som har ansvar for faga til kvart av trinna. Av timeplanen går det delvis fram korleis delinga av klassane er gjort i dei ulike faga, men der det er to lærarar på ei elevgruppe, vil delinga av gruppa naturleg nok variere.

2013-08-18
Avslutning FORUT

Velkomne til nytt skule- og barnehageår!

Torsdag 15.august starta nytt barnehageår med fem nye ungar i barnehagen, og måndag 19.august ynskjer me fem nye elevar velkomne på skulen i lag med dei 21 elevane me kjenner frå før.

2013-08-15
2013-05-31 15

5.august er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd

Ivar Aasen-jubileum

17.mai i år heidra me mannen som gav oss nynorsken. I dag er sjølve jubileumsdagen, som vert markert mange plassar i landet.

Biletet her er teikninga Arvid, Martin og Mathilde laga til 17.mai. Teikninga vart seinare auksjonert vekk.

2013-08-05
11-barnehage

Fin dag på opninga av Breheimsenteret

Mange fekk møte statsministeren

Sjå bilete frå brosjyreoverrekking, måleriutstillinga og barnehagen med statsminister Jens Stoltenberg:

2013-06-24
DSC_0064

Mykje moro i lag

SISTE SKULEDAG

Med biletserie frå slutten av skuleåret - GOD SOMMAR til alle, og lukke til på ungdomsskulen til Kato, Hallvard, Marie, Gunnar og Henning!

2013-06-21
Powered by CustomPublish AS