A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Elevane i 6.-7. deltek med bilete frå breturen i mai

Opning av fotoutstilling på Turtagrø

Fredag 6.september reiser 6. og 7.trinn til Turtagrø med Arvid (og i lag med 6.-7.trinn frå Gaupne skule) for å opne ny fotoutstilling med bilete dei har teke i samband med fotoprosjektet (med Frank og Bjørnar). Bussen går frå skulen kl 9, og er tilbake til vanleg skulerute kl 14. Hugs drikke og god niste. Det er lov å ha med liten tursjokolade.

Programmet er opning av fotoutstilling (våre bilete er frå breturen med Jostein, Frank og Bjørnar i mai). I tillegg vert det føredrag v/Jostein Aasen (kortversjon av føredraget han skal ha på Fjellfilmfestivalen på Turtagrø om kvelden òg), og kunstopplegg v/Arvid på vegen opp (elevane førebur seg med kunstbrosjyre som er laga i samband med Naturarvprosjektet i Luster Kommune) – bygger vidare på naturmåleprosjektet vårt.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS