A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Framside

Storforeldremøte 2018

Storforeldremøte 14.02.18 kl. 18.00-20.15

Me er så heldige å ha fått tak i Ragnhild Jansen frå Barnevakten til å ha føredrag om korleis de som føresette kan engasjere dykk i borna sin mediekvardag, og korleis de kan lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel. Jansen var her for tre år sidan og, og tilbakemeldingane frå den gong var svært gode. Tidlegare på dagen vil ho ha opplegg med elevar frå 3.-7. klasse.

Me håpar at alle heimar stiller med minst ein person, for denne tematikken er særs aktuell.

2018-02-13
Plakat 3

Internasjonal dag

Onsdag 1. november ynskjer me alle elevar, føresette, besteforeldre og andre bygdefolk hjarteleg velkomne til Internasjonal dag i Gaupne idrettshall. Målet for dagen er å syne fram det kulturelle mangfaldet me har fått i kommunen vår, og auke kunnskap og forståing for dei ulike kulturane.

2017-10-20
Fjelltur 31

Fjelltur torsdag 31. august

Torsdag 31. august dreg alle elevar og lærarar ved Gaupne skule på tur til Røyteholet på Indre Hafslo. 1. til 3. klasse vil halde seg i området Røyteholet/Spegelen heile dagen, medan elevar frå 4. klasse og oppover vil få høve til å gå over fjellet og nedatt på Røneidsvårstølen. Derifrå går dei vidare ned snarvegane og tilbake til skulen. For dei som går heile runden, vil skuledagen vare til kl. 15. Dei andre er tilbake på skulen til kl. 13.50.

ALLE MÅ TA MED:               

Godt med mat og drikke.

Høvelege sko.

Varme klede, gjerne sokkeskift.

Sitjeunderlag viss du har.

KAN TA MED:

Ein tursjokolade.

NB! Dersom det mot all formodning skulle regne frå morgonen av, vert turen utsett til vêret vert finare. De vil då få ein sms frå Visma om dette kl. 07.00 i morgon tidleg. Då vert det ein vanleg skuledag.

2017-08-30
Powered by CustomPublish AS