Ikkje kast i do:
-
Boss som klutar, moppar, inkludert våtserviettar og eingongsklutar, Q-tips, bind, bleier, bomull, pussegarn m.m. Dette skal kastast i bossdunken.
-
Spesialavfall som olje og oljeprodukt, løysemiddel, tynnar, maling/beis, fotovæske, fargestoff, kontaktlim og medisinar skal ikkje hellast i vasken eller i toalettet. Spesialavfall skal samlast opp og leverast på miljøstasjonen, medisin skal returnerast til apoteket.
-
Feitt og matolje i små mengde kan heimekomposterast eller sorterast i lag med matavfall. Matolje i store mengde skal samlast på kanner/ flasker og leverast til avfallsmottak.
Konsekvensane av å kaste andre ting enn dopapir i do kan bli: -
Kloakk i kjellaren
-
Ureining i naturen
-
Auka kommunale avlaupsgebyr grunna auka behov for vedlikehald