A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Då kan du vere med å bidra til auka motivasjon og læring

Vil du delta i eit spennande utviklingsarbeid ved LUS?

Luster ungdomsskule har våren 2020 inngått ein avtale om samarbeid med Senter for fysisk aktiv læring i skulen, Campus Sogndal, HVL.

MÅLSETNING er å vidareutvikle fysisk aktiv læring som kvalitetssikra undervisningsmetode i teoretiske fag gjennom meir fysisk aktiv, praktisk og variert undervisning – med fokus på motivasjon, trivsel og relasjon.

 

Dette er med andre ord heilt i tråd med Ungdomstrinn i utvikling, ei nasjonal satsing i skulen.

 

Som de veit så satsar LUS på fysisk aktivitet, me har mellom anna ei 20 min. økt kvar dag med fysisk aktivitet. Kvar veke har me 30 min fysisk aktiv læring, organisert inn mot fagdagane. Me har og investert i ein del utstyr.

 

No spør me om du har særleg interesse, motivasjon og tru på fysisk aktiv læring og om du vil vere med og delta i eit utviklingsarbeid ved LUS komande skuleår. Fysisk aktiv læring vil verte knytta særleg mot matematikkfaget. Faglærarar på 8. og 9. trinn er involvert i arbeidet og me skal ha med 6 elevar og 6 føresette i gruppa. Dette for å sikre implementering på alle nivå.

 

Skulen vil i dette samarbeidet få ny kunnskap, motivasjon, erfaringar i eit viktig satsingsområde. Me vil og få ei gåve i form av utstyr som kan nyttast i å fremje fysisk aktiv læring. Me vil og bidra til forskning på området.

 

Dersom du er interessert i å få meir informasjon om dette samarbeidet, så er du velkomen til skulen (aulaen) tysdag 01.09.20 kl. 19.00-19.30.

 

 

Beste helsing

 

Kristin Vee,

rektor

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS