Veitastrond vassverk - vatningsforbod
Grunna stort forbruk ved Veitastrond vassverk for tida ber Luster kommune de som abonnentar å ikkje nytte meir vatn enn til heilt naudsynt hushaldningsforbruk. Det betyr forbod mot vatning med slange, vasspreiar, oppfylling av badebasseng og anna forbruk som gir høgt vassforbruk frå kommunalt nett. Dette er heilt naudsynt og vil gjelde frå no og så lenge som forbruket er såpass høgt.