Privat detaljregulering for hytteområdet Turtagrø Panorama
Plan-ID 2019003.
Kommunestyret vedtok planen i møte 22.06.2023, sak 54/23. Kunngjering av vedtak vert gjort i samsvar med pbl. § 12-12. Planen er å finne her.
Fristen for å klage på vedtak av planen er sett til 5. oktober 2023. Eventuell klage må sendast skriftleg via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området. Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.
Utlegging til ettersyn, høyringsfrist 3. juni 2022
Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune vedtok i møte 07.04.2022 å legge forslag til detaljreguleringsplan for Turtagrø Panorama, med føresegner, planomtale, ROS-analyse og skredfarevurdering, ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Høyringsfrist fredag 3. juni 2022
Plan-ID 201900 sak PFU – 35/22.
Hovudintensjonen til reguleringsplanen er å få eit hyttefelt i lia bak Turtagrø hotell. Utfyllande informasjon finn ein i plandokumenta.
Har du merknader?
Eventuelle merknadar må sendast skriftleg til Luster kommune. Bruk innspelskjema som ligg på høyringssaka, eventuelt i posten til pb. 77, 6866 Gaupne, eller epost
Har du spørsmål?
Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Luster kommune v/planleggar Inger Handegård, tlf.: 57 68 55 91, e-post: inger.handegard@luster.kommune.no