Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
23. juli 2021 kl. 12:52

Koronaviruset / Corona disease - information

Her finn du informasjon om smittesituasjonen i kommunen og anna informasjon knytt til koronaviruset.

Les meir...
18. juni:

Gratis bading i sommarferien for lustraelevar

I kommunestyret 17. juni vart det gjeve klarsignal til gratis sommarbading i Lustrabadet for skulebo... Les meir...
A A A

Val

Det er Stortingval den 13. september 2021.

  • Du kan tidlegstemme, førehandsstemme eller stemme på valdagen.
  • Viss du skal førehandsstemme, kan du gjere dette mellom 10. august og 10. september. I denne perioden kan du stemme i den kommunen du ynskjer.
  • Viss du ikkje kan stemme etter 10. august, kan du kontakte kommunen frå 1. juli for å tidlegstemme.
  • Viss du bur i utlandet kan du førehandsstemme mellom 1. juli og 3. september.
  • på valdagen den 13. september kan du berre stemme i den kommunen der du er manntalsførd.

Hugs legitimasjon!

I Luster er det 3 vallokale på valdagen; Fjordstova i Skjolden, Idrettshallen i Gaupne og samfunnssalen på Hafslo.
Ordinær  førehandsrøysting i perioden 10. august - 10. september.
Tidlegrøysting 1. juli - 9. august

 

Sametingsvalet
Sidan Luster er blant dei kommunane som har under 30 manntalsførde i samemanntalet, må veljarane til Sametinget førehandsrøyste på rådhuset i perioden 10. august - 10. september.



 

Val