A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
DSCF1663

1.-4.trinn i Breadalen, 5.-7.trinn på Nigardsbreen

Tur i Breadalen

Tysdag hadde 1.-4.kl ein kjempefin tur i Bredalen. Veret var lettskya med solgløtt innimellom. Elevane lærte om kartlav på stein og gjorde fleire målingar undervegs, for storleiken på laven kan fortelje oss kor lenge veksestaden har vore isfri.

(Biletet er frå breturen til 5.-7.trinn)

Elevane plukka nuytsprunge bjørkelauv som skal brukast til te, og me les og studerte alle "infotavlene" langs stien. Attmed "Storevåren", den største morena, var det leik i sanden, og Else Marie laga rognesprøyte saman med elevane. Den kan fyllast med vatn og brukast som ein vasspistol, noko alle tykte var moro å prøve. Det var ein spennande og innhaldsrik skuledag, kjekt å kombinere fysisk aktivitet med kunnskap om natur og brehistorie i Jostedal. Me hadde flott utsyn på turen, både mot Nigardsbreen og Vangsen, alt i alt ein minnerik tur med greie og spreke elevar.

HER er biletserie frå breturen til 5.-7.trinn. Bilete frå 1.-4.trinn kjem snarleg.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS