Beheim 2, Hafslo gbnr. 149/114 (tomt 23) |
|
Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 149/114. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk. |
|
Reguleringsformål |
Byggjegrense |
Areal |
Utnyttingsgrad |
Maksimal byggjehøgde |
Mønehøgde: 8,5 m |
Møneretning |
Bustadhus – skal ha om lag lik møneretning - parallelt med terrengkotane eller med tilgrensande off. veg. Garasje/carport/uthus– skal ha møneretning vinkelrett på eller parallelt med møneretning for bustadhus eller tilgrensande veg. |
Utforming |
Bygningane skal utformast og plasserast slik at det gjev ei harmonisk og heilskapleg utbygging. Det skal leggjast vekt på å få gode uteopphaldsareal på kvar tomt. Støttemurar over 1m skal sikrast med gjerde. Gjerde skal vere i trematerial og ikkje overstiga ei høgde på 1 m. Langs same veglinje og friområde skal gjerda ha ei einsarta utforming. |
Tilkomst og avkøyrsle |
Skal vere frå offentleg veg og syne på situasjonsplanen |
Parkeringsplassar |
Det skal opparbeidast min. to P-plassar på tomt (inkl. P-plass i garasje) og min. 0,5 P-plassar pr. hybel. |
Garasje/carport/uthus |
Kan plasserast nærare off. veg enn byggjegrense, men ikkje nærare enn 0,5 m til «anna vegareal». Enkle bygningar har maks. mønehøgd på 4,5 m og doble bygningar gir maks. mønehøgd 5,5 m. Garasje/carport kan ha underetasje nytta som bod/kjellar der terrengtilhøva tilseier det, og då kan møne- og gesimshøgd aukast med 1,5 m. |
Kabelanlegg og leidningstrasear |
Skal leggjast i bakken (el., tele ..). Ved plassering av bygningar/anlegg skal det takast omsyn til kabeltrasear og leidningstrasear for vatn og avlaup. |
Situasjonsplan
|
Tilkomst, garasje/-carportplassering, terrasse i tilknyting til huset, buer og andre frittståande byggverk skal vera synte på situasjonsplanen som følgjer søknaden, og kvar einskild tomt skal syna tilpassing til nabotomter. |
Tomt 23
Denne artikkelen er over 3 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.