Luster kommune har innført standard abonnementsvilkår for vatn og avløp (Kommunestyret 19.12.13). Vilkåra utgjevne i 2008, erstattar tidlegare «Normalreglement for sanitæranlegg» og vert oppdatert av Kommuneforlaget. For Luster kommune er vilkåra gjeldande frå 1. januar 2014.

Standard abonnementsvilkår er ikkje ei forskrift, men ein avtale mellom to partar, kommunen og abonnenten. Det er sett krav til både kommunale og private anlegg så anlegga vert utført på ein betryggjande måte med tanke på tryggleik, funksjonalitet og kvalitet. Dette gjeld særleg ved tilknyting til nye, private anlegg og sanitæranlegg, vilkåra vert handheva av kommunen som eigar av kommunalt leidningsnett . Alle entreprenørar og røyrleggjarar med oppdrag i Luster kommune pliktar å gjere seg kjent med og følgje abonnementsvilkåra.

Bestemmelsane består av følgjande:
1. Tekniske bestemmelsar – som fastlegg krav til teknisk utføring
2. Administrative bestemmelsar – som tar for seg juridiske og forvaltningsmessige forhold

Administrative bestemmelsar er tilgjengeleg i nettutgåve (ks.no), og tekniske bestemmelsar kan tingast direkte frå Kommuneforlaget.

Ved nye anlegg krev Luster kommune, i tillegg til naudsynte søknadar etter Plan- og bygningsloven, søknad om tilknyting til offentlig vann- og avløpsanlegg  og søknad om graveløyve .