
Søknadsfrist SFO 01 Februar 2017
SFO - skulefritidsordning
Søknadsfrist for plass i SFO er 1. februar.
Søk SFO-plass
Kommunen har eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. klasse. Etter sakkunnig vurdering kan tilbodet også omfatte funksjonshemma barn i 5. - 7. klasse. Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå borna. Skulefritidsordninga skal gje borna omsorg og tilsyn.
Kommunen har ikkje plikt til å gje tilbod om skulefritidsordning i alle skulekrinsar. Foreldre/føresette må søkje om plass på den skulen eleven går på.
Luster kommune eig og driv skulefritidsordningane i grunnskulane og nokre stader er tilbodet lagt til barnehagen. Rektor har det overordna pedagogiske og administrative ansvaret for SFO.
Oppseiing / endring av plass i SFO skal gjerast med to månaders varsel med verknad frå den 15. i kvar månad.