A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Masse snø i barnehagen

Ungane kan gjerne nytte utetida til å gå på ski!

Ski i skule og barnehage

No har me endeleg masse god snø, og foreldre må gjerne syte for at ungane har ski og skisko i barnehagen og på skulen, slik at dei som likar å gå på ski kan gjere det i utetida utan ekstra organisering.

I tillegg er det organisert skiaktivitet for 1.-4.trinn tysdag 12.februar, og skitur på Nosakollen for 5.-7.trinn onsdag 13.februar - då må alle ha skiutstyr og passande uteklede! Bussen har ikkje lov til å ta med ski, så foreldre må sette ski og stavar på skulen måndag/tysdag.

Skileik for 1.-4.trinn tysdag: 3 siste timane, så då et me inne som vanleg, må berre ha med gode, varme klede og skiutstyr. Lærarar: Jostein og Else Marie.

På turen til Nosakollenet for 5.-7.trinn onsdag, reiser me 10.30 (rett etter første økta), og et nista vår ute. Då er det lov å ha med pølse, kakao e.l. på termos, og ein liten tursjokolade i tillegg til maten (men me lagar ikkje bål). Ta med sitteunderlag i tillegg til varme klede og skiutstyr. Denne infoen kjem på vekeplanane måndag òg. Lærarar: Jostein og Marita.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS