Referat frå samarbeidsutvalet av 13.sept 2012
I referatet kan du bl.a. lesa om: konstituering av SU og Miljøskuleutvalet,godkjenning av ordensreglementet,areal for musikkundervisnig m.m.
Referat frå møte i samarbeidsutvalet 13.september 2012 Desse møtte: Svein Ove Slinde, Edin Hunshamar, Sigrun Sandvik Kalhagen, Ole Magne Leirdal (vara for Bjørg Molland), Atle Thomassen, Oda Heidi Bolstad, Andrea Elisabeth Bjørk, Asle Hauge og Odd Bukve. Sak 14/12 Konstituering av samarbeidsutvalet og arbeidsmiljøutvalet Til SU for skuleåret er valde: 2 foreldrerepresentantar: Sigrun Sandvik Kalhagen og Edin Hunshamar 2 elevrepresentantar: Andrea Elisabeth Bjørk og Asle Hauge 2 frå kommunen: Svein Ove Slinde og Odd Bukve 2 lærarrepresentantar: Oda Heidi Bolstad og Atle Thomassen 1 andre tilsette: Bjørg Molland (representert ved vara Ole Magne Leirdal) SU valde samrøystes: Leiar: Edin Hunshamar Nestleiar: Oda Heidi Bolstad Sekretær: Odd Bukve I skulemiljøutvalet er desse valde: 2 foreldrerepresentantar: Sigrun Sandvik og Edin Hunshamar 2 elevrepresentantar: Andrea Elisabeth Bjørk og Asle Hauge 2 frå kommunen: Svein Ove Slinde og Odd Bukve 1 frå tilsette: Atle Thomassen Skulemiljøutvalet valde samrøystes: Leiar: Svein Ove Slinde Nestleiar: Sigrun Sandvik Kalhagen Sekretær: Atle Thomassen Sak 14/12 Godkjenning av ordensreglement Ordensreglement for Luster ungdomsskule, sist godkjent 6.februar 2012, vart godkjent utan endringar og vert gjeldane for skuleåret 2012/2013. Samrøystes. Sak 15/12 Tenesteplan – musikklokale Rektor refererte til saksvedlegg vedk. behov for musikklokale ved Luster ungdomsskule og møta med rådmann Jarle Skartun, rådgjevar Eigedom Jan Magne Svåi og rådgjevar ved Oppvekst Inger Marie Evjestad. Målet er å få innarbeidd tiltaket i komande økonomiplanperiode. Utvalet slutta seg samrøystes til uttalen som vart gjort i FAU 6.september 2012: ”Musikklokale ved Luster Ungdomsskule. FAU meiner det er viktig med samlokalisering av all undervisning ved Luster ungdomsskule. I dag får elevane musikkundervisning i midlertidige lokale – i yrkesskulebygget. Midlertidige løysningar er ikkje haldbar for verken elevar eller lærarar på sikt. For elevane sin del er det lite tilrettelagde lokale og ein misser tid av eit relativt «lite» fag, då ein må ut, vente til lærar har låst opp fleire dørar og timen vert automatisk korta ned. Ungdomsskulesteget har svært mykje teori, avbrekk i tunge teoretiske dagar er sunt for læringa og trivselen. Ein må og hugse på at musikk kan vere eit fag som kan gi dei elevane som er lite glad i teoretiske fag, ein meistringsfølelse og kan hjelpe dei til betre resultat elles. FAU meinar at planane om å sjå på fornying av språklab samtidig med å planleggje musikkrom, er fornuftig.” 17/12 Ymse Rektor orientert kort om desse sakene: -Operasjon Dagsverk Operasjon Dagsverk ver gjennomførd 1. november og 9. klasse skal delta i prosjektet. 10. klasse er i dette tidsrommet opptekne p.g.a. hospitering i arbeidslivet. -Open Dag på Sogndal vidaregåande skule Foreldre og elevar i 10.klasse er inviterte til orientering og omvisning på Sogndal vgs. onsdag 17.oktober kl 17.00 - kl 21.00. Dette var eit tilbod som kom i staden for den informasjonen skulen har gjeve på foreldremøta i grunnskulen. Svein Ove Slinde understreka at det var viktig at skuletilbodet for Luster vgs skule òg vart presentert for elevane ved skulen. -Elevkveldar ved Luster ungdomsskule: Foreldrerepresentantar i FAU og elevane på skulen ynskjer framhald av elevkveldar på skulen. Foreldre vil delta på kveldane som vakter. Programmet og gjennomføringa er elevane ansvarlege for. Førebels tidspunkt er fredag: 19. oktober, 16.november, (juleball 20.desember), 25.januar, 8. mars og 19.april. Sigrun Sandvik koordinerer vaktlistene, men foreldrerepresentantane på dei ulike klassestega hjelper til med å skaffa friviljuge. -Karaktertermin for hausthalvåret Skulen ser behov for at karakteroppgjeret for hausten vert flytta til midten av januar månad. Med foreldremøte i byrjinga av november med utsending av halvårsvurdering utan karakter, finn ein dette formålsteneleg. Hafslo barne- og ungdomsskule har allereie innførd dette. Utvalet slutta seg til dette. -Ny heimeside for Luster ungdomskule Alle einingane innan Oppvekst har no fått nye heimesider. Viktig at heimesida var brukt som kommunikasjonsplattform ut mot foreldre og andre. At sidene kontinuerleg vert oppdaterte, er viktig for at foreldre og føresette bruker heimesidene til skulen. Den gamle heimesida for kommunen ville verta stengt før haustferie. - Hærverk ved skulen Rektor orienterte kort om hærverk og forsøpling av utearealet ved skulen. Lysarmatur for fleire tusen kroner hadde vorte øydelagt over ein lengre periode. Forholdet hadde vorte meldt til politiet, men lagt bort. Vidare har ein opplevd tilgrising av arealet, spesielt ved inngangen til 9.klasse. Steinar i murar er tekne bort, og påført skader. Ein har teke saka opp i Elevrådet og foreslått at elevane anonymt gjev tilbakemelding til skuleleiinga om dei har informasjon i saka. Representantane ville avventa dette, då situasjonen no såg ut til å ha betra seg. Før ei eventuell anonym attendemelding skulle rektor ta dette opp i rådsorgana ved skulen. Referent: Odd Bukve Gaupne 26.september 2012