A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Referat frå møte i FAU og SU 18.april 2013

 

Luster kommune
Luster ungdomsskule
Referat frå møte 18.04.13                        
                  
 
 
 
Arkivsak                                                                                     Arkivkode                Løpenr.                     Dato
12/2459-5                                                                                   033 A2                       5179/13                      22.04.2013
 
Desse møtte:
Frå FAU Luster Ungdomsskule: Sigrun Kalhagen, Arne Hauge, Henriette Sandvik, Paul Holvik, Edin Hunshamar.(fråfall: Janne Eide )
Repr.frå lærarar Luster Ungdomsskule: Oda Heidi Bolstad, Atle Thomassen, Odd Bukve
Frå FAU Skjolden: Arne Hauge
Frå FAU Indre Hafslo Oppvekstsenter: Bjørg Reidun Torgersen og Agnethe Eikum Roterud
Politiske representantar i SU: Nelly Torunn Øygard og Svein Ove Slinde
 
Referat frå fellesmøte i SU og FAU 18.04.13
 
Rektor og SU/FAU ved Luster Ungdomsskule har kalla inn til felles møte i FAU/SU i Luster kommune for å komme med innspel til Høyringsuttale til Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024.
Avdelingsleiar frå Luster vidaregåande skule Kenth-Rune Teigen Måren gav oss ei orientering om hovudlinjene i skulebruksplanen.
SKULEBRUKSPLAN:
Bakgrunn for planen er elevnedgang på 3-400 elevar fram til 2016 og ytterlegare nedgang på 4-600 fram til 2024. Andre fylker har ein auke i elevtal og ein må difor dimensjonere i kvart fylke for å få best mogleg tilbod i alle fylker. Ein har og sett på studietilbod etter antal elevar og at desse skal ha gode rammer for god kvalitet på studietilbod(inneber bla pc og skulebøker gratis)
Norconsult har laga forslag på utdanningsModellar med fokus på store nok fagmiljø, innsparing og dimensjonering. Forslag 1: 10 vidaregåande skular, Forslag 2: 8 vidaregåande skular og Forslag 3: 6 vidaregåande skular. Ein ser og at Sogn, i alle modellar, må ta 45% av alle innsparingar i fylket i både fylkesrådmann og Norconsult sine framlegg, trass i at
 
Indre Sogn har ein mindre elevnedgang i perioden. Døme på nokre program som i sin heilheit skulle flyttast ut av regionen var MEDIA/KOMMUNIKASJON og IDRETT.
Sognemodellen er forslaget som no ligg til høyring og denne vil gi innsparing i tråd med elevframskriding og gi robuste, stabile og forutsigbare utdanningsinstitusjonar med høg kvalitet på utdanning og fagmiljø, samt eit breitt spekter av programfag. I tillegg vil næringslivet få tilgang til det dei etterspør. I tillegg er VG1 strukturen i modellen optimal i forhold til breidde i tilbodet til ungdomen. Ein vil satse på eit(evt) bu og arbeidsområder med 2 vidaregåande skular. Luster/Sogndal og Årdal. Luster/Sogndal kan sjonglere med bygningsmasse vs type fag medan Årdal er for smalt med tanke på innpendling. Det er eit fag som ikkje vil bli dekka av planen og det er design/handtverk. I tillegg vil Media/kommunikasjon og teknikk/industriproduksjon bli fylkesdekkande med tilbod om studiekomp.
Konklusjonen/visjonen til skulebruksplanen er å gi breiast mogleg tilbod til ungdomen vår om vidaregåande opplæring i vårt bu og arbeidsområde. I tillegg til at ein vil få eit tilbod tilpassa ungdomen sine ønskjer og næringslivet/arbeidslivet sine behov.
Me hadde ein «spørjerunde» der vi trekte konklusjon om at me støttar skulebruksplanen samt kommunestyret sitt vedtak i sak 29/13. Rektor sender kopi av brev til dei andre skulane og ber dei om å sende inn same brev som Luster Kommune sitt FAU/SU
 
Ref
Henriette Sandvik
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS