A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Referat frå FAU 6.sept 2012

 

 
Dato: 06.09.2012
Kl: 1900-2120
Desse møtte:
Sigrun Kalhagen, Arne Hauge, Janne Eide, Paul Holvik, Edin Hunshamar og Henriette Sandvik
 
 

 

Saker:
Sak nr Sak
14/12
Val av leiar, nestleiar og sekretær til FAU
Leiar: Sigrun Kalhagen
Nestleiar: Edin Hunshamar
Sekretær: Henriette Sandvik
15/12
Val av 2 foreldrerepresentantar m/vara til SU, skulemiljøutval
1: Sigrun Kalhagen
Vara: Janne Eide
2: Edin Hunshamar
Vara: Paul Holvik
16/12
Kort informasjon om arbeidsoppåvene til FAU
Rektor har gått igjennom oppgåver, retningslinjer og mål.
17/12
Foreldremedverknad ved elevkveldar
Rektor skal ha møte med elevrådet og ønsker attendemelding frå FAU om det er stemning i foreldregruppa for at elevane kan ha elevkveldar, ca 1 pr mnd(slik som i fjor).
 
Årsaken til uttale frå FAU er at dette er eit sosialt tiltak utanfor skuletida, rektor stiller opp men treng hjelp frå ei gruppe foreldre til vakter og litt praktiske ting iløpet av kvelden.
 
FAU tykkjer dette er eit godt tiltak og vil organisere vakter dersom elevane ønsker å halde fram med dette. Ønskeleg å få datoar for hausthalvåret no slik at ein kan planlegge.
18/12
Musikklokale ved Luster Ungdomsskule.
FAU meinar det er viktig med samlokalisering av all undervisning ved Luster Ungdomsskule. I dag får elevane musikk undervisning i midlertidige lokale – i yrkesskulebygget.
Midlertidige løysningar er ikkje haldbar for verken elevar eller lærarar på sikt. For elevane sin del er det lite tilrettelagde lokale og ein misser tid av eit relativt «lite» fag då ein må ut, vente til lærar har låst opp fleire dørar og timen vert automatisk korta ned. Ungdomsskulesteget har svært mykje teori, avbrekk i tunge teoretiske dagar er sunt for læringa og trivselen. Ein må og hugse på at musikk kan vere eit fag som kan gi dei elevane som er lite glad i teoretiske fag ein meistringsfølelse og kan hjelpe dei til betre resultat ellers. FAU meinar at planane om å sjå på fornying av språklab samtidig med å planleggje musikkrom er fornftig.
19/12
Tenesteplan
Informasjon frå rektor om tenesteplan og måloppnåing for Luster Ungdomsskule
20/12
Open post
-studietime:
Er spesialiserte slik at alle stega har lærarar tilgjengeleg i fleire fag, kan td velge å gå i 8 kl rom for å få hjelp til matte osv
-trafikalt grunnkurs:
Prøver med det same opplegget som har vore tidlegare der køyreskulen kjem inn på skulen på kveldstid for å ha undervisning.
 
Rektor sender klasselister til Henriette
Henriette lagar oversikt over kor tid på året 10 kl elevane er født og lagar grupper, snakkar med fjorårets «organisator» om korleis dei løyste dette.
Arne snakkar med køyreskule, sannsynlegvis Solberg som var inne i fjor.
 
Lage informasjon om tilbodet og sender ut til elevar og foreldre.
 
-valfag:
no er det kun tysk og norsk fordjupning som vert tilbydt. Tysk er eit fag som mange vel fordi det «kun» er norsk som alternativ, set me i foreldregruppa att med. Rektor seier det er økonomiske årsaker til at valet står mellom tysk og norsk.
 
Ønske i FAU om å sjå på alternative språk: spansk, engelsk fordjupning.
 
Hærverk på skuleområdet
Rektor informerer om at det siste tida har vore mykje hærverk på skuleområdet, det har vore herja med 4 hjulingar, plukka steinar utav murar, øydelagde lysarmatur, mykje bos, flaskeknusing, generell tilgrising….. kort sagt lite kjekt. Skulen litt «hjelpelause» då dette skjer på kveld/helg og det er vanskeleg å «ta» dei som gjer dette. Ein del av sakene er melde til politiet, men dette har det ikkje vorte resultat av. 
 
FAU prøver i dag med å nytte det sosiale mediet Facebook for å gjere innbyggjarane i kommunen oppmerksame på dette. Håpar på at foreldre ser innlegg og snakkar med ungane sine. Muligens ser ein del av ungdomane dette og får seg ein tankevekkjar.
 
e-post/tlf til medlemane i FAU:
For 9a: Paul-Martin Holvik, pamartho@online.no, mob: 91542563
For 9b: Sigrun Kalhagen, sigsanka@frisurf.no, mob: 97647147
For 10a: Henriette Sandvik, hsandv@online.no, mob: 41558560
 
 
 
 
Referent: Henriette Sandvik
 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS