A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Referat FAU 24.januar 2013

Fleire saker som både rektor og FAU-representantane tok opp, bl.a. evaluering av valfaga,resultat av olweusundersøkinga hauten 2012 m.m.

Dato: 24.01.2013 Kl: 1830-2000 Desse møtte: Møteleiar; Sigrun Kalhagen, Janne Eide, Paul Holvik, Edin Hunshamar og referent; Henriette Sandvik Rektor deltok og på møtet Fråfall: Arne Hauge Sak: 01/13 Godkjenning av møtereferat frå 6/9-12 Utan kommentarar 02/13 Orientering av personalsituasjonen på skulen fom hausten 2013 ved rektor • Nytilsette bør/må dekke eit av tre basisfag • Prioritera at nytilsette har tilleggsutdanning/fordjupning i praktisk estetiske fag • På midlertidig basis treng ein kompetanse i spes. ped. • Ønsker å knytta til seg barnevernspedagog på permanent basis, då ein etter 1. halvår med barnevernspedagog i prosjektstilling ser at dette er positivt for skulemiljøet. • Få lærarar som har livredningsprøve i Lustrabadet, har tilgang på områdevikar som har teke prøven. Innkomen sak frå 8.klasse: - Ønske om evaluering av valfaga. I år har valfaga vore: design/redesign, fysisk aktivitet og sal/scene - Evaluering av kvart enkelt fag frå 8 klasse. - Lærarane må gå igjennom kva fag ein kan tilby valfag i 2013/2014 og gå ut til 2000- ungane med førespurnad om kva av desse faga som kan vera aktuelle. 03/13 Kort om Olweus; - Luster ungdomsskule er lisensiert som Olweus skule i 2 år - Tilsyn frå fylkesmann, gjennomgong utan avvik , men med 2 pålegg som skuldast formular på olweusskjema ein nytta. Begge pålegga vart retta opp innan fristen. - Gjennomført undersøkelse i november. Skjemaet bestod av 40 spørsmål. Alle elevane har delteke. - Resultatet her samsvarar med oppfatningar skulen har gjennom samtalar med elevar- og foreldre at det er lite mobbing på skulen. Vidare stadfester elevundersøkinga frå førre år at det er liten grad av mobbing på skulen - Få elevar har svart at dei har vorte/blir mobba, likevel må ein jobba systematisk for ein mobbefri skule - Type mobbing som er mest av på skulen er verbal mobbing, løgner og rykteutsetting - Skuleplassen er største «mobbearena» 04/13 Trekk i fråvær – erfaringar og trong for eventuelle endringar - Ved permisjon frå rektor er fråtrekk automatisk, uavhengig av kva grunnen for søknad om fri er - Ved sjukdom kan ein søka om fråtrekk frå 4 dag, dvs at ein uansett får registrert 3 dagar ved lengre sjukefråvær - FAU ønsker å lage framlegg til endring i neste møte, be om eit skilje mellom: «fornøyelse og nødvendige» fråvær. Slik saka er i dag kan ein søkje fråtrekk av fråvær etter innvilga permisjon frå rektor, medan ein elev som går til kjeveortoped og har mange enkeltdagar i dokumentert fråvær ikkje får fråtrekk. 05/13 Quizlet i gloselæring Innkomen sak frå 9.klasse - Dette er eit hjelpemiddel som vert nytta på barneskulesteget og er eit godt hjelpemiddel for mange - FAU ønskjer at dette vert drøfta att i fagmøte og rektor tek dette med seg 06/13 Ymse - Elevkveldar: ca 50 elevar møter på desse, ser ut til at ungdomane trivest og kosar seg. Held fram med dette inntil vidare - Trafikalt grunnkurs: i 10 klasse er det 37 elevar, 35 elevar har meldt seg opp til trafikalt grunnkurs, 2 har teke det frå før. - 123 Opplæring har komme til Gaupne og hatt kurs med elevane frå kl 1530-1830, 3 kurskveldar + førstehjelp, mørkekøyring i Sogndal. Elevane er delte i 3 puljar. 1 klasse før jul og 2 etter. Lurt å ikkje gå rett på ein køyreskule, men be om pris, 10 klasse sparte 600 kr pr elev på dette. - Mobilbruk: viss mobilen pip i timen vert mobilen teken inn og levert ut att når skuledagen er over. Ikkje problem i kvardagen. Ved prøvar må mobilane leverast inn. - I 8. klasse har ein opplevd at elevane hadde 5 prøvar på 2 dagar. Dette skal ikkje skje. - 8. klasse spør etter sosialkveldar, dette har ikkje 9. og 10, elevane har moglegheit for å delta på elevkveldar evt MENU, foreldra må prioritera å møta på foreldremøter for å bli kjende med andre foreldre. - 8. klasse spør etter klasseliste, dette vert ikkje delt ut, kun klassekontaktar som får desse. - 10 klasse spør om val av skuletur/leirskule bør evaluerast. Øygarden er noko skulen har i planane, men må ein til Øygarden? Hafslo reiser t.d. til Polen. Rektor svara at Øygarden har vore eit val i mange år og fungerer fint. Som avslutning på skuletida tek ein t.d. ein dagstur til Bergen. Øygarden er leirskule og vert dekt av skulebudsjett. MEN: på neste FAU møte vil rektor invitera inn representant frå Hafslo barne og ungdomsskule for å fortelja om tur til Polen med dei kvite bussane, om kostnadar, planlegging og innhald. - Spørsmål frå 8.klasse om det finst innkjøpsordningar/rabattar for å få Office pakken på skulen, mange har Open Office heime og dette kommuniserer ikkje alltid godt nok med det produktet skulen nyttar.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS