Rask psykisk helsehjelp er eit tilbod frå Psykisk helseteam til deg over 16 år med lettare form for angst, depresjon eller søvnproblem.

RPH - bilete.jpg
  • Sliter du med vanskelege og triste tankar, er trøtt og sliten eller har mista livsgnisten?
  • Opplever du at angst og indre uro begrensar deg?
  • Fungerar du ikkje i dagleglivet på grunn av belastningar eller stress over lang tid?
  • Har du problem med å sovne, våknar lett eller veldig tidleg?

Her kan du få hjelp, utan lang ventetid, slik at problema ikkje utviklar seg. Målet med behandlinga er at du skal oppleve at du meistrar kvardagen, får det betre og mindre symptom. 

Behandling

Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod over ein kortare tidsperiode etter ein systematisk metode. Det er viktig at du er motivert for å kunne få nytte av tilbodet. Tilbodet krev at du sjølv deltek aktivt, blant anna gjennom heimeoppgåver og øvelsar.

Du kan få hjelp til:

  • Å endre tankemønstre og åtferd som skapar problem for deg.
  • Å bli betre i stand til å handtere vanskelege følelsar.

Slik søker du Rask psykisk helsehjelp

Rask psykisk helsehjelp er gratis, og du trenger ikkje legehenvisning.

For å benytte deg av tilbodet må du sjølv ta kontakt med oss:

Telefon: 57 68 56 37

E-post: rask.psykisk.helsehjelp@luster.kommune.no

Tilbodet er gratis, du treng ikkje tilvising og du får rask hjelp innan 2 veker.

Meir informasjon om tilbodet