A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
påskevenner

Koseleg morgon for ungar, foreldre og tilsette

Påskefrukost i barnehagen tysdag 19.mars

Fram mot påskefrukosten har alle i barnehagen jobba med temaet Venner, og laga eit fellesbilete som me har kalla Påskevenner

Barnehagen i Jostedal har før påske jobba med temaet Venner og i samband med det laga eit fellesbilete som me har kalla Påskevenner. Dette hang me opp på veggen i matsalen til påskefrukosten for alle foreldre og søskjen tysdag 19.mars. Me fekk mykje skryt for biletet.

I arbeidet med bildet har me trekt inn alle dei 7 fagområda i Rammeplan for barnehagen. Ungane har fått arbeide med ulike material, dei har klipt, limt, måla og saman jobba mot eit felles mål for å få biletet ferdig til påske. 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS