A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
ordklassesmekking

Fysisk aktivitet i norsk 5.-7.trinn

Ordklassestafett

Her bruker me flugesmekkaren til å finne rett ordklasse.

Kvar tysdag i siste økta har 5.-7.trinn norsk og arbeidstime i basisfaga (norsk, matte, engelsk). Då har lærar Marie førebudd ein del av økta med fysiske oppgåver i teorifaga, og Jorunn Anita er med og hjelper oss med gjennomføringa. Målet er at dette skal gjere skuledagen meir aktiv og variert, og at dette er med på å skape meir motivasjon for teorifaga.

Denne tysdagen hadde me mange lappar på eit bord (frå ordklassane adjektiv, substantiv og verb). På tavla hadde ordklassane kvart sitt område, læraren las og synte elevane ein ordlapp i eine enden av klasserommet, og så sprang elevane fram til tavla og brukte flugesmekkaren til å finne rett ordklasse. Slik fortsette me til alle lappane var brukte.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS