A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Felles foreldremøte for skule, sfo og barnehage

Oppsummering frå foreldremøte 29.mai

Nye nettsider, neste år, oppvekstsenter, diskusjon i grupper: Korleis kan informasjonen frå oppvekstsenteret gjere det lettare for foreldra å prate med ungane om kva dei opplever i barnehagen/på skulen? Kva for møteplassar ynskjer foreldra at barnehagen og skulen har saman/kvar for seg?

1) Orientering om oppvekstsenter-prosessen


Nye nettsider: Ikkje publisert enno, men me gjekk gjennom ein prøveversjon, såg på lenkjene, oppbygging, kor ein finn informasjon frå alderstrinnet/oppvekstsenteret/kommunen.
 

Tilsette til hausten: Om lag som i år både i barnehagen og på skulen. Rektor/styrar: Mette, assisterande rektor/styrar: Oddbjørg (om lag same administrasjonsressurs som no: Oddbjørg 35% og Mette 48%). Skulen vert tredelt og barnehagen held fra med utvida avdeling tre dagar i veka (som sidan nyttår).


Mette forklarte kort om samansetting av råd og utval (foreldreutval, samarbeidsutval og skulemiljøutval). For å få til tidleg konsistuering av rådsorgana til hausten, vil me ha alle representantar klare før sommaren. Foreldrekontaktar (4) i barnehagen er ikkje heilt klart enno, men kjem på plass innan kort tid. Leiar for FAU Morten Vigdal la fram forslag til foreldrekontaktar ved skulen (FAU) for neste år (kan framleis endrast - ta kontakt med Morten Vigdal viss det er innvendingar eller spørsmål til lista):


1.trinn: Marit Aakre Tennø (vara: Else Marie Haugen)
2.trinn: Ingar Norberg  (vara: Magnus Snøtun)
3.trinn: Ronny Aasen (vara: Svanhild Prestegård)
4.trinn: Oddmund Hoel (vara: Vibeke Viem)
5.trinn: Øystein Sagabråten (vara: Morten Vigdal)
6.trinn: Gro Kirsti Hesjevoll (vara: Anne Kristin Haugen Halveg)
7.trinn: Mona Åsen (vara: Trine Elgersma)

Spørsmål frå foreldre. Me snakka m.a. om pedagogbemanninga i barnehagen (som vert vidareført som no) og at skilta ("Jostedal Oppvekstsenter") ved Høgebrui og avkøyringa må godkjennast av vegvesenet (som kanskje seier nei).


2) Samarbeid om kvardagen til barna

Gruppediskusjon einig/ueinig rundt påstanden "Alle familiar bør ha eit felles måltid kvar dag der ungane får prate om dagen sin". Her skulle alle velje side (trengte ikkje vere heilt deira eigentlege meining, kunne godt spele ei rolle), og argumentere for ståstaden sin til dei andre på gruppa i om lag eitt minutt kvar.

Argument FOR påstanden var mellom anna

  • at eit felles måltid er viktig for fellesskap og samhald i familien i ein travel kvardag med mykje frtidsaktivitetar
  • at det er koseleg og kan vere ein god plass å samtale om opplevingar og planar
  • at ungane høyrer meir etter om ettermiddagen enn om morgonen
  • at det er ein plass der foreldra kan få vite om det har skjedd noko
  • at ungane fortener at foreldra bryr seg.

Argument mot påstanden var mellom anna

  • at det òg er andre situasjonar der ein kan høyre om kva ungane har opplevd (t.d. på sengekanten)
  • at det er viktigare å bu i Jostedalen sjølv om det tyder at heile familien ikkje et middag i lag kvar dag fordi ein av foreldra kjem seint heim grunna pendling/reising
  • at middagstida er eit tidspunkt det lett vert konflliktar og difor ikkje er bra for gode samtalar
  • at det viktigaste med måltidet er å få i seg næring, ikkje det sosiale
  • at det burde vere middag på skulen for å utjamne sosiale forskjellar (eit slag for heildagsskulen)

Korleis bør informasjonen frå oppvekstsenteret vere for at det skal vere lett å prate med ungane om kva dei opplever i løpet av dagen? (T.d. utforming av vekeplanar/månadsplanar, arbeid som vert sendt heim til underskrift, informasjon på nettsider, e-post, Facebook osb.) Her diskuterte gruppene fritt, noterte innspela på lappar, og me oppsummerte i plenum:
        Felles:

  • Bra med sms-varsling/påminning
  • Gjerne sms-varsel viss noko viktig vert lagt ut på heimesidene
  • Gjerne litt meir detaljert info om planar
  • Informasjon og bilete av ungane på nettsider, ikkje på Facebook
  • Generell informasjon frå skulen kan gjerne vere på Facebook òg

        Skulen:

  • Timeplan (dagsrytme) ut på nettsidene
  • Praktisk info meir detaljert, t.d. ved turar: avreisetidspunkt, mat, drikke, snop!, klede, sko
  • Verbal overlevering: Lærarane kan minne ungane om ting dei bør prate om heime (planar/hendingar)

Kva for arrangement meiner de skulen og barnehagen skal ha i lag/kvar for oss gjennom året? Her hadde me ikkje att så mykje tid, så me tok ein kort runde i plenum. Oddbjørg og Mette hadde hengt opp ei liste med dei møteplassane me har mellom skule/barnehage og foreldre i dag:

  • både skule og barnehage: foreldremøte og foreldresamtalar vår og haust
  • barnehagen: nissefesten, påskefrukosten og grillfesten
  • skulen: framsyningar vår og haust, foreldremiddag vår/haust, valkafè, juletrefesten, 17.mai-program og sommarfesten

Desse møteplassane er noko me bruker ressursar på fordi me trur foreldra tykkjer det er kjekt, difor er det viktig for oss å vite kva de foreldre ynskjer av arrangement - bør me slå saman noko, eller skal me halde på tradisjonane som dei er (historisk sett er jo barnehagen sine arrangement "funne på" litt for å ikkje konkurrere med skulen sine, og difor utfyller arrangementa kvarandre). Det kom mellom anna fram følgjande:

  • at det er kjekt for barnehageungane å få ha noko som er berre for dei, fordi dei lett "druknar" i lag med dei som er eldre
  • at fleire av skulen sine arrangement er for heile bygda, så barnehageungane får på ein måte delta der sjølv om dei ikkje er "med"
  • at nokre skuleforeldre saknar påskefrukosten i barnehagen, skulen kan gjerne byrje med det òg!
  • at det er veldig kjekt med foreldremiddagar

Me oppmodar alle om å ta kontakt med Oddbjørg/Mette/foreldrekontaktar om dei har idear til endringar i høve slik me gjer det i dag, og saka vil bli teken vidare i samarbeidsutvalet (SU). Viss det ikkje kjem endringsforslag som samarbeidsutvalet vedtek, vil me halde fram som no, men det vil evaluerast att neste år.

Innspela frå gruppdiskusjonane vil danne grunnlag for planleggjingsarbeidet kommande år i oppvekstsenteret.
 

Takk for godt oppmøte!

Referat v/Mette rektor

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS