Ved ein oppmålingsforretning etter matrikkellova § 33 skjer kartlegging, justering, merking, måling og kartfesting av grenser for grunneigedom, anleggseigedom, jordsameige, arealoverføring, uteareal til seksjonert eigedom eller festegrunn (som vert bortfesta for mer enn 10 år).
Oppmålingsforretninga skal avklare grenser og andre forhold som er nødvendig for matrikkelføringa.
Kven kan rekvirere?
Oppmålingsforretning kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedommen vert det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato.
Saksgang
Rekvirenten og naboar til eigedommen blir innkalt til oppmålingsforretninga pr. brev minst to veker i forkant dersom ikkje anna er avtalt. Dersom nokon møter i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt til dette. Det vert deretter halde ei oppmålingsforretning over eigedommen der partane bidreg til å påvise grensene i samsvar med målebrev/skyldelingsforretningar og nye grensemerker blir sett ned i marka. Det vert skrive ein protokoll over kva som er gjennomført og partane har 3 veker klagefrist. I hovedsak blir grensene deretter nøyaktig kartfesta, lagt inn i matrikkelen og matrikkelbrev vert sendt ut.