A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Me får presentere prosjektet vårt ved

opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni mellom kl. 11 og 13

Første runde av jostedalsprosjektet i hamn, og me vil nytte høvet til å oppfordre alle om å komme på opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni: Korpset speler, ungane i barnehagen vil vere der, Myrhorn-måleria til skuleelevane vert stilte ut, og statsministeren kjem. Ein del av arrangementet er lukka (i kafeen på Breheimsenteret), og leiar og nestleiar i elevrådet (Gunnar og Sølvi) vil overrekkje eit eksemplar av jostedalsbrosjyra til statsministeren og seie litt om prosjektet der me skulle bli "ekspert på eiga bygd". Det er planlagd at alle ungane følgjer statsministeren ut når han er ferdig inne på Breheimsenteret ca kl 12.45.

No registrerer me ikkje fleire svar på jostedalsundersøkinga, brosjyra er sendt til trykkeriet etter ein intensiv innspurt, og det er klart at me (v/leiar og nestleiar i elevrådet) får overlevere eit eksemplar og presentere prosjektet kort for statsministeren ved opninga av Breheimsenteret måndag 24.juni.

Myrhorn-utstilling_crop.jpg

Me er litt meir "ekspertar på eiga bygd" enn me var før, og håpar andre òg vil finne produktet vårt nyttig og kanskje litt artig òg.

Me ventar spent på den trykte versjonen av brosjyra, og framsida vert slik:

Framside-jostedalsbrosjyra.jpg

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS