A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
omvendt-julekalender-sos-barnebyer

Gje i staden for å få!

Omvendt julekalender

Laurdag 30.nov er siste dag for innbetaling til Spring for Syria-aksjonen vår, og me kom langt over målsettinga vår med innsamling på 7220 kroner til Redd Barna sitt arbeid for krigsramma barn i Syria - flott innsats!

Så er det klart for "Omvendt julekalender" (i regi av SOS Barnebyer) der me kvar dag ser ein liten filmsnutt frå korleis barn har det ulike plassar i verda, og skuleungane kan samle inn pengar ved å gjere arbeidsoppgåver i heimen og ta med betalinga til skulen i ein eigen konvolutt (me samlar inn kvar fredag fram til jul).

HER finn de lenke til "Dagens kalenderluke" viss de vil sjå dei i heimen òg (startar måndag 2.des) - informasjon er sendt med elevane heim fredag 29.nov.

Til foreldre/ føresette
I desember har vi valt å vere med på Omvendt julekalender frå SOS- barnebyer. Kvar skuledag i adventstida opnar vi ei ny luke i kalenderen på SOS-barnebyer sine nettsider og får ei historie eller ser ein film om born i ulike deler av verda.

I staden for å få ei gåve i kalenderen, vil vi ha fokus på å gje. Elevane kan gjere ein jobb heime og tene litt pengar til inntekt for SOS-barnebyer. Då gjer elevane sjølv ein innsats for gåva dei gjev, og det er opp til kvar familie å avgjere kor mykje dei vil gje. Pengane leggast i ein konvolutt som eleven tar med til skulen.

Les meir om SOS-barnebyer sitt arbeid www.sos-barnebyer.no.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS