A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Songar og kostyme til julespelet

Øving heime og på skulen

På skulen er me i gang med øving til årets julespel, og det er flott om alle kan øve heime òg. For å gjere det litt lettare å øve heime, skal de no finne tekstar i leksemappa, og her ligg musikkvideoar til dei ulike songane - i tillegg til "Glade jol" som me reknar med at alle kjenner melodien til. Kostyma vil me gjerne gjere enkelt (og lett å kombinere med typiske klede til juletrefest), de finn ei oversikt over kva type kostyme dei ulike rollene treng under "Les meir" - fint å ha dei ganske klare i løpet av neste veke.

  • Småfuglane (Thea, Håkon, Siri Elise, Oda og Thekla): Einsfarga trøye og strømpebukse som passar til fuglen + me vil prøve å finne ei litt lik løysing på nebb & fjør - dei som vil, må gjerne vere kreative heime.
  • Forretningsfolka (Martin, Mathilde, Vebjørn og Jostein) bør ha noko som liknar dressjakke og evnt store briller e.l.
  • Dei travle folka (Rasmus, Jasmin, Cathrine, Tora og Aslak) kan ha t.d. juleforklé, tørkle i håret eller anna som ser ut som det passar til travel juleførbuing.
  • Rapparane (Renate, Rune, Jonas, Sondre, Øyvind, Stig og Lars Andreas) treng hettejakke og evnt store solbrillar, "gullkjede" o.l.

Dette er meint som tips, og me vil gjerne ha kostyme på plass i løpet av neste veke.

I første scene speler bandet "Vår" av deLillos, og småfuglane (Thea, Håkon, Siri Elise, Oda og Thekla) syng:

I andre scene speler bandet "I need a dollar" av Aloe Blacc, forretningsfolka (Martin, Mathilde, Vebjørn og Jostein) syng og speler rollene sine:

I tredje scene speler bandet "Klippe skjegget" (av Per Asplin), og dei travle folka (Rasmus, Jasmin, Cathrine, Tora og Aslak) syng og speler rollene sine:

LENKE TIL KLIPP FRÅ SONGEN

I fjerde scene speler bandet "Kallenavn" (av Admiral P), og rapparane (Renate, Rune, Jonas, Sondre, Øyvind, Stig og Lars Andreas) syng/breakar:

I femte scene speler korpsgruppa "Bjellklang" og felegruppa "Det lyser i stille grender", og til slutt syng alle "Glade jol" (av Franz Gruber).

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS