Luster kommune har ein stolt naturarv som femner om alt frå frodig vestnorsk fjordlandskap med edellauvskogar, til det golde landskapet kring brear og tindar, mange på godt over 2000 meters høgd. Heile 14 verneområde ligg heilt eller delvis innanfor kommunegrensa, dette inkluderer tre nasjonalparkar, sju naturreservat, tre landskapsvernområde og eit fuglefredingsområde. I alt er 1435 km2 eller 52 % av kommunen sitt areal verna. Me har status som nasjonalparkkommune.
Medan dei store verneområda vert forvalta av kvar sine nasjonalparkstyre, er det kommunen som har ansvaret for dei mindre, dvs naturreservata og fuglefredingsområda.
Den norske allemannsretten gjev alle rett til å ferdast fritt i naturen, og i Luster er det massevis av merka turstiar, både i og utanfor verneområde. Me oppmodar deg til å bruka dei!
Luster allmenning naturreservat
Drægnsimorki-Yttrismorki naturrreservat
Mørkrisdalen landskapsvernområde
Hafslovatnet fuglefredingsområde