Denne sommarfuglarten er ein av fire som er freda i Norge. Mnemosynesommarfuglen er i følge artskart til no registrert på Veitastrond, i ei sørvendt li over Fortun og i Ormelid. Denne sommarfuglen finn ein delvis i opne blomsterrike, rasmarker oppover i fjellet, og dels i blomsterrik kulturmark. Larvene utviklar seg på lerkespore, og dei vaksne sommarfuglane har en forkjærleik for skogstorkenebb.

Det beste me kan gjera for å oppretthalde levevilkåra for mnemosynesommarfuglen  og eventuelt andre sjeldne sommarfuglartar me har i kommunen er å prøve å unngå at gammal kulturmark gror att ved å oppretthalde slått og ikkje for hardt beite. Indre Sogn er eit svært spennande område med omsyn til sommarfuglar. Området har ei rekke sjeldne, raudlista arter, inkludert ein del som ikkje er funne andre stader i landet. Det skuldast truleg gunstig klima og det at me framleis har ein del blomsterrike kulturlandskap.

Les meir på sida til artsdatabanken

Les meir i brosjyra til norsk institutt for naturforskning