kulturpris 2019.JPGLuster kommune har sidan 1985 delt ut Kulturpris. Bakgrunnen for den kommunale kulturprisen har vore, og er framleis, å gje betre vilkår for kulturarbeidarar i kommunen. Men og for å vera til  inspirasjon for alle som driv aktivt kulturarbeid. Kulturprisen skal særleg vera ein honnør for oppofrande kulturarbeid.

Kulturprisen skal ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Kulturprisen kan delast ut til einkeltpersonar, organisasjonar eller institusjonar som har utmerka seg i særleg positiv kulturell samanheng.

Kulturprisen vil bli delt ut kvart år, så sant det finst høvelege kandidatar. 

I nominasjonen til årets kulturpris heiter det:

Kandidaten vår har vore dirigent for eit skulekorps sidan 1984, i snart 40 år, dvs. meir enn halve livet hennar og største delen av korpset si historie. Jostedal Skulekorps vart stifta i 1975 og har i dag ca 20 medlemar og speler på små og store arrangement i bygda og i resten av kommunen. Men korpset deltek og på stemne rundt i landet.

Korpset er ein del av korpsrørsla i landet vårt, og som historisk må reknast som ein av dei viktigaste kulturskaparane i bygdene våre. Me som nominerer kulturpris-kandidaten ynskjer at dirigenten vår skal få kulturprisen for den fantastiske innsatsen ho har gjort for korpset og alle ungane ho har lært opp til korpsmusikantar.

Kvart 2. år vert det teke opp nye aspirantar og dirigenten vår «tek dei i lære» - stadig like optimistisk, iherdig og tålmodig.

Dirigenten vår har gjort ein innsats som på ingen måte kan målast gjennom den godtgjeringa ho får. Me ynskjer difor at dirigenten vår kan ta i mot kulturprisen som ei påskjønning og som ei takk for innsatsen
– men også som representant for ein viktig del av kulturlivet i Luster kommune.                 

Kulturprisen skal altså ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Og det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å gje kulturprisen til deg Marie Fredheim.

Det synlege beviset på kulturprisen er eit diplom med Johannes Flintoe sitt motiv frå Noreg sitt kultursenter gjennom mange tiår: «Munthehuset» i Kroken, og ein gåvesjekk på 15.000 kroner.

Diplom kulturpris.JPG