Saksutgreiing

Saksprotokoll

Dei som har klagerett, er varsla direkte ved brev.

 

Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid, Lerkeskogen. Frist for innspel var 20. januar 2020

Lerkeskogen bilde.jpg

Luster kommune melder med dette om oppstart av planarbeid for detaljregulering for Lerkeskogen, ein del av detaljreguleringsplan for Bolstadmoen øvre. 

Gjeldande plan for området
Området er regulert som B7 i tidlegare i reguleringsplan Bolstadmoen – øvre, som har plan-ID 2011005.

Lenkje til gjeldande planar og planomriss i kommunekartet

Innspel kan sendast innan 20. januar 2020 til:
Luster kommune
Rådhusvegen 1
6868 Gaupne

eller på elektronisk høyringsskjema 

eller på epost til postmottak@luster.kommune.no.
Merk innspelet med plannamn, plan-ID og skriv kva tilknyting du har til det regulerte området (grunneigar, nabo osb.).

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål til planarbeidet. Du kan kontakte planleggjar Inger Handegård, tlf. 57 68 55 91 eller e-post: inger.handegard@luster.kommune.no

Vidare saksgang
Etter at innspelfristen er gått ut, vil Luster kommune v/plan utarbeide eit planframlegg som skal handsamast i Plan- og forvaltningsstyret. Det vert i utgangspunktet ikkje sendt svar på innspel, men alle innspel vert kommentert i saksframlegget og ligg tilgjengeleg for politikarane, når planframlegget vert lagt fram for 1. gongs handsaming i Plan- og forvaltningsstyret.

Melding om offentleg ettersyn av planframlegget vert annonsert i Sogn avis. Planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker, de vil bli varsla ved brev også om dette. I denne perioden er det høve til å sende inn merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Aktuelt regelverk
• Melding om oppstart: Plan- og bygningslova § 12-8
• Plantype detaljregulering: Plan- og bygningslova § 12-3
• Handsaming av reguleringsplanframlegg: Plan- og bygningslova § 12-10