Kva er kvardagsrehabilitering?
-
Tidsavgrensa teneste der opptrening i daglege gjeremål skjer heime hos deg eller i ditt nærområde.
-
Det startar med spørsmålet: «kva er viktige aktivitetar i livet ditt no?»
-
Saman med deg vil eit tverrfagleg team utarbeide mål for kva du tykkjer er viktig å meistre i din kvardag.
Ting å trene på kan vere:
-
Å komme deg inn og ut av senga
-
Å dusje sjølv
-
Å kle av/på deg
-
Lage mat
-
Å gå utandørs
-
Handle i butikken
-
Gå i trapp
-
Å delta i sosiale aktivitetar/hobbyar som er viktige for deg
-
Ta i bruk aktuell teknologi/hjelpemiddel