Nokre av kreftkoordinatoren sine arbeidsoppgåver er:

  • vera ein ressursperson for den kreftramma og deira pårørande
  • gi råd/rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt
  • heimebesøk til pasient og pårørande
  • informere om ulike tenester og tilbod innan kreftomsorg
  • bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunen
  • koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på best mogleg måte, også mot spesialisthelsetenesta:

illustrasjon kreftkoordinator.jpg

Tilbodet om kreftkoordinator skal vere eit lågterskeltilbod, der både pasient og pårørande kan ta direkte kontakt. Kreftkoordinator kan kontaktast i alle fasar av sjukdomen og Luster kommune har eigen koordinatortelefon som vert sjekka jamnleg.

Kontaktinfo kreftkoordinator:
Sjukepleiar Marit Eide Melheim
Tlf.: 458 75 435