LUS jobbar aktivt for å førebyggje mobbing.
Det er viktig å rapportere om mobbing. Det er ikkje å sladre.
Her er nokre råd til føresette:
- Lytt til ungdomen om dei fortel noko - ikkje vær redd for å ta kontakt med skulen for å drøfte saka
- Snakk med ungdomen om klassemiljø - korleis har dei det på skulen?
- Føl med på sosiale medier - viktig!!! (vær helst venner på facebook, føl på Instagram mm)
- Utestenging kan og vere mobbing
- Snakk med andre føresette - ha låg terskel for å ringje kvarandre
- Ta kontakt med kontaktlærar eller rektor om de vil ha veiledning
- Skulen har ein miljøkontakt, Susanne Heen Veum. Ho kjenner dei fleste elevane - ta gjerne kontakt med ho om de har spørsmål. Tlf. 90993354. E-post: susanne.heen.veum@luster.kommune.no