Har du alvorlege sjukdommar eller allergiar kan du snakke med fastlegen din og be han/ho om å legge dette inn i din kjernejournal.
Det er legen som må registrere kritisk informasjon om sine pasientar sine kjernejournalar. Registreringa vil som regel skje i samråd med deg når du har legetime eller får behandling. Difor vil ikkje kritisk informasjon ligge i kjernejournalen din før legen har registrert den.