A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kjemi er ikkje trylleri

Det er ikkje alltid me tenkjer over at mykje av det me bruker kvar dag, ein gong har vore ei ny oppfinning. Korleis/kvifor blir pannekakerøra stiv når me varmar/steikjer ho i steikepanna, kvar blir det av sukkeret i teen, og korleis kan ein lage ei bombe av bakepulver, vatn og eddik?
Blanding av bombe
Blanding av bombe
Rist!
Rist!
Boom
Boom
Kva skjer?
Kva skjer?
I starten av april forska storskulen litt på dette. Dei las om stoff og stoffblandingar og var forskarar - ikkje på eit laboratorium, men i klasserommet og ute. Her ser de noko av det dei gjorde. ... og skal de sjølve prøve, anbefalar me at de gjer dette ute!

Finn fram eit kinderegg eller ein annan liten plastboks med lok. Ta litt bakepulver og vatn i boksen. Du kan også ha nokre dropar eddik i. Set loket raskt på og rist godt. Pass på at du klemmer på loket heile tida. Set boksen frå deg på bakken og gå litt unna, så vil du oppdage kva som skjer!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS