Det er tilrådd at alle vaksne tek oppfriskingsdose av kikhostevaksinen omtrent kvart tiande år. Vaksinen vert gitt i kombinasjon med vaksine mot difteri, stivkrampe og polio. Ein kan bestille time på laboratoriet på legekontoret for å få sett vaksinen. 

Du må først sjekke på Helsenorge (Vaksiner) om det er meir enn ti år sidan du fekk vaksinen førre gong.

Kikhoste smittar ved små dråper som vert spreidd til dømes ved hoste eller nysing, særleg i starten av sjukdommen. God hand- og hostehygiene er viktig. Hushaldningar med spedbarn eller andre sårbare personar bør vere forsiktige med å få besøk av personar med symptom frå luftvegane. Det tek oftast 7-10 dagar frå ein er smitta til ein vert sjuk. 

Kikhoste begynner ofte med uspesifikke forkjølingssymptom. Etter ei veke kjem kraftige hoste, gjerne med brekningar. Feber er mindre vanleg. Pasientar som møter i helsetenesta med kraftig og/eller langvarig hoste, bør verte testa for kikhoste. 

Kikhostevaksine inngår i barnevaksinasjonsprogrammet ved 3, 5 og 12 månaders alder og vert også gitt til gravide. Oppfriskingsdose gis i 2. klasse og 10. klasse.