Justert referat FAU-møte 1.september 2020
Stad: LUSTER UNGDOMSSKULE
DATO: 01.09.20
TID: 18-19.30
DELTAKARAR: Kåre Hønsi, Agnete Eikum Roterud, Erik Skjerdal, Marit Sofie Hurthi, Kristin Vee
Meldt fråvær: Ingar Nordberg, Hege Solheim
SAKLISTE:
1) Konstituering
Ingar Nordberg er valt til skrivar i FAU.
Agnethe Eikun Roterud er valt til leiar.
Erik Skjerdal er valt til nestleiar.
Leiar og nestleiar sit og i SU (Samarbeidsutvalet).
2) Form på FAU dette skuleåret
FAU ynskjer å møtast kl. 18.00 når det er FAU møter og ha eit møte fyrst utan rektor, ca 15 min.
FAU-leiar har kontakt med rektor før møtet og kjem med innspel til sakliste. Rektor sender framleis ut sakliste. Det er fint om alle klassekontaktane ber om innspel til saker frå sin klasse.
3) Saker til neste FAU-møte
Føresette fremjar ynskje om at det skal verte ei ordning med mobilhotell på alle trinn.
Rektor fremjar dette i plangruppe og i storteam.
4) Samarbeid med høgskulen (SEFAL) om eit utviklingsarbeid
Rektor syner til utsendt informasjon og vedlegg til referat om dette samarbeidet.
Mathias Brekke Mandelid, tilsett i SEFAL, orienterte FAU om dette arbeidet. Han utfordra FAU på kva som gir motivasjon. Han hadde fokus på det å samskape og føresette si rolle i dette utviklingsarbeidet. Skulen får god støtte i arbeidet med fagfornyinga (bærekraftig utvikling, djubdelæring mm). Arbeidet er knytta mot fysisk aktiv læring inn mot matematikkfaget, særleg retta mot 8. og 9. trinn. Syner elles til vedlegg med meir informasjon.
Me søkjer 6 føresette til dette samarbeidet. Dei vert invitert til å delta på to ettermiddagsøkter, 10.09.20 og 17.09.20. Der vil dei vere med på eit arbeid og stemme fram eit tiltak som skal prøvast ut i skulekvardagen. 6 elevar skal og delta, samt faglærarar, høgskulen og leiinga.
Fylgjande føresette har meldt seg til no: Bjørn Inge Fossen, Agnethe Roterud, Kåre Hønsi (kan kun delta 10.09.20 evt). Rektor tek kontakt med andre føresette som kom opp som forslag i FAU-møte.
Invitasjon og meir informasjon vert sendt ut i forkant av møtene 10.09.20 og 17.09.20 (tidspunkt for møtene vert frå 16.00-19.00).
Referent: Kristin Vee, 01.09.20