A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
juleles

Les kvar dag i ferien - og vinn meir enn dei hyggelege stundene!

Juleles Jostedal

Me på oppvekstsenteret vil nytte høvet til å minne alle om kor koseleg det er å lese litt i juletida, og i tillegg er det å lese og bli lesen for noko av det viktigaste for å klare seg godt i verda. Som ei hjelp til å hugse på lesinga, har me laga til ein konkurranse for alle elevane på skulen. Det går ikkje på kor mange sider eller bøker eller kor lenge ein les, men på kor mange dagar ein har lese. Teikneseriar tel òg!

Alle elevane har fått med seg ein avkryssingslapp heim siste skuledag (laga så det skal passe som bokmerke!). Der kryssar ein av kvar dag om ein har lese sjølv og/eller blitt lesen for (eller høyrt lydbok). Føresette signerer nedst på lappen at dei går god for avkryssinga. Me vil trekke ein vinnar i kvar av kategoriane ("Lese sjølv" og "Høyrt bok") blant dei som har flest kryss - kor mange kryss som skal til for å vere med i trekninga veit me ikkje før me får inn att lappane. I tillegg vil det vere premiar til alle som har lese litt sjølv kvar dag. Viss lappen vert borte, er det heilt fint å skrive tilsvarande på ein eigen lapp og signere der.

God jul, og god leselyst!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS