A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Informasjonsskriv vedkomande psykisk helse

 

Til føresette
 

Psykisk helse på timeplanen.

Ungdommen din skal gjennomføre eit prosjektarbeid om psykisk helse på skulen. Sosial- og helsedirektoratet har peikt ut ungdom som ei viktig målgruppe for meir informasjon om dette temaet. Rådet for psykisk helse har difor i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet utvikla eit undervisningsmateriell for ungdomsskulen.

 

Som føresett er du den viktigaste støttespelaren til ungdommen din. Vi vil difor at du skal vera informert om at psykisk helse no skal vere eit undervisningstema på skulen. ungdommane skal få meir kunnskap om kva psykisk helse er. Her vil vi i stor grad leggje vekt på kva som er god psykisk helse og streke under at det er heilt normalt å oppleve vanskelege periodar i livet. Elevane vil og få kunnskap om ulike psykiske lidingar.

 

Ungdom er den aldersgruppa som veit minst og har flest fordommar når det gjeld psykiske lidingar. Dei skal få vite meir om helseapparatet som finst i lokalmiljøet. I tillegg skal dei bli tryggare på kva dei kan gjere for ein venn som slit, og korleis dei skal få hjelp av vaksne slik at dei sjølve ikkje tek ansvar for problem som venner har.

 
                                                                   Alle har ei psykisk helse, Rådet for psykisk helse.
 
 
 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS