A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Informasjon til heimen

Samarbeid oppvekstsenter og heim

Oppvekstsenteret ynskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Dei føresette i barnehagen, vil få tilgang til årsplanar og månadsplanar. Her vil aktivitetane ein legg opp til, komme klart fram. Alle elevane på skulen, får eller har fått utdelt ei leksemappe. Det er viktig at de som foreldre held dykk oppdaterte ved å sjå i den. Elevane får vekeplan kvar veke. På desse planane vil de i tillegg til timeplan, vekemål og lekser, også få informasjon om t.d. turar, konsertar og andre planlagde aktivitetar. Fellesskriv vil bli i stor grad sendt ut pr. e-post. Kontroller difor at de har oppgitt korrekt e-postadresse til oss.

Når foreldra til eleven ikkje bur saman, sender me heim informasjon til den av foreldra som har det daglege ansvaret. Dersom begge ynskjer informasjon, kan de gje melding til kontaktlærar om dette.

Oppvektsenteret vil nytte heimesida aktivt. Her ligg det mykje informasjon om oss. I tillegg har alle klassar si eiga side der alle planar, ymse informasjon og bilete vil bli lagt ut.

Adressa til heimesida Indre Hafslo oppvekstsenter. Føresette skal bruke sms via Visma flyt skule, men det er og mogeleg å ringe kontoret (57 68 59 70). Fråvær skal alltid skrivast i Visma flyt skule, rett etter at eleven er kommen på skulen att. Dette gjeld sjølv om de har ringt til skulen og sagt frå om at barnet vert heime.

 

Foreldremøte

Det vert gjennomført eit foreldremøte for både skule og barnehage i byrjinga av skuleåret. Då går dei vaksne gjennom mellom anna felles reglar og ordensreglement, klassen sine reglar og rutinar, «Dette forventar skulen av deg», korleis ein arbeider med læringsmiljø i klassen, elevane sine rettar i høve til Opplæringslova §9a, skulen sine satsingsområde, Olweus årshjul og drøftar foreldresamarbeidet i klassen. 1., 2., 4. og 6.klasse har val av klassekontakt og vara for denne. Desse to er tillitsvalde i klassen og har som oppgåve å vera felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. Klassekontaktane i 1. klasse er vald for eitt år, dei andre for to.

 

I vårhalvåret er det storforeldremøte / temamøte på Indre Hafslo oppvekstsenter. Alle heimane får innkalling i god tid på førehand. På møtet vert det m.a. gjennomgang av resultatet på årets Olweus-trivselsundersøking, deretter vert det presentasjon av eit tema som vert utgangspunkt for eit gruppearbeid. Erfaringa har vore at diskusjonane på gruppene har vore svært fruktbare, og me har fått mange gode innspel.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS